Kommentarar og innspel til høyringsutkast

Konseptskisse frå Nordic Arcitechture som syner Bjørndalsvegen 

Lesarbrev

Først kommentarar/innspel til begge alternativa:

1. Gjennomgåande ser det ut til at begge alternativa har ein felles ståstad når det gjeld færre parkeringsplassar i sentrum og sterkare tilrettelegging i høve til gåande og syklande. Dette er nødvendig og svært gledeleg for å skape eit meir levande sentrum, som ikkje er totalt dominert av bilar som i dag. På dette området heng Ulstein kommune att i gamaldags tenking diverre. Dette trengst å snu på!

2. Utvide og styrkje grøntareal i sentrum må prioriterast. Prosentvis areal disponert til grøntområde er svært lite i høve til «asfalt og betong». Asfalt og betong fremjar ikkje trivsel, og gir ikkje rom for møteplassar for gåande, barn og vaksne. Nærområdet viser seg i alle tettstader å vere det folk flest nyttar seg av i kvardagen, når tilhøva er lagt til rette for det! Dette bør vere såkalla «stille parkareal for «samhandling og refleksjon» i ein travel byprega handelsstad. Aktivitetsparkar har vi i Saunesområdet og i det utvida skuleområdet, for dei som er interessert i den slags aktivitetar.

3. Opne korridorar mot sjø og grøntareal er svært viktig, for å skape «luft» i bybiletet. Å framheve Bjørndals Minne med en korridor mot sjøen er bra. Bak Bjørndals Minne er det grøntområde/stille park. Dette området må ikkje bebyggast!!! Det er viktig å bevare grøntområdet på begge sida av Vikelva, som ein livgivande korridor gjennom byen. Like eins er det fint med korridoren frå kyrkja til sjøen, med den gamle gravplassen/grøntområdet bak kyrkja intakt.

4. Ulsteinvik har blitt kritisert for å nedbygde sjøkanten – mot den delen som har gitt Ulstein-vik namn! Sjølve «Vika» er i dag stengt for utsyn, og den nære kontakta med sjøen er svært redusert. Her må det opnast opp! T.d. huset som er teikna inn nedom rundkøyringa ved Blåhuset bør fjernast frå planen. Denne korridoren bør bevarast open til sjøen og sjøtilknytt aktivitetar.

5. Den unike attverande trehusbebyggelsen i Ulsteinvik sentrum bør få vernestatus, slik at ikkje deler av den gradvis forsvinn til andre type utbyggingar. Denne trehusbebyggelsen bak «byen» representerer Ulsteinvik si historie og sentrumsfunksjonens opphav. I planen for framtida må dette stadfestast for «all framtid»! Det er også viktig at ny busetnad i «bysona» ikkje vert godkjent med så stor høgd at utsikta frå det unike gamle Ulsteinvik området blir sperra. Hushøgd bør ikkje overstige 3 etasjar. Høgare hus bør henvisast til høgare og meir tilbaketrekte område for ikkje å skape unødige «blindsoner» mot sjøen – «Vika»! Andre bygdebyar som t.d. Fosnavåg er flinke til å ta omsyn til dette. Her har Ulstein mykje å lære, ettersom vi har sett grelle eksempel på byggehøgder på både 5 og 6 etasjar som lagar ein «vegg» mot det gamle byområdet.

6. Å gjere Bjørdalvegen om til miljøgate er positivt. Dette vil skape eit fint miljø for gåande og syklande der ein slepp sjenerande biltrafikk. Her kan kome uterestaurantar og opne by aktivitetar som skaper miljø og tryggleik i området.


Fristen for å kome med innspel til vurderingsgruppa går ut søndag

Etterlyser fleire svar om sentrumsplanar


Kommentar til forslaget frå Kaleidoscope f.f.:

1. Forslaget herifrå omfattar bl.a. «Smarthub»/nytt rådhus m.m. plassert i området nært Bjørndals Minne. Dette synest vi blir feil! Ein «smarthub»/rådhus/m.m. bør plasserast på området ved tidlegare Rolls-Royce adm. bygg. Dette bygget er rivningsklart og i dag ikkje nytta til noko. Tilstanden på bygget er så dårleg at ingen vil leige eller kjøpe det. Riv! Ein «smarthub»bør ligge nær det kreative næringsmiljøet vi har i Ulsteinvik, Kongsberg Maritime og Ulstein verft, slik at den geografiske avstanden gjer utveksling av erfaringsbasert kunnskap lett mellom «nyskaparane og kompetansemiljøet» i maritime næringar. Bistand frå ingeniørar og andre i nyskaparsamanheng er viktig, for å vidareføre den kompetansen som Ulsteinvik er bygt på. Dette kan skape grobotn for nye utviklingsområde, og då er det viktig at huset er plassert ved området som er regulert til næringsaktivitetar/nyetableringar. Også med tanke på å utvide by-aksen er dette viktig. Eit slikt miljø kan i framtida krevje meir plass enn tilfelle er i den trange bykjerne ved området Bjørndal Minne. På nemnde område er det god plass og masse parkering/uteareal gjerne nær knytt til sjøen som kan verke miljøskapande for folk i «skaparprosess»!

2. Bygningane på begge sider av den grøne korridoren frå Bjørndals Minne bør ikkje overstige 2 etasjar. Høgare bygningar vil skape mindre lys og rom følelse i korridoren, og såleis redusere opplevd verdi av korridoren.

3. Dei raude bygningane som er innteikna langs Sjøgata, bør fjernast. Desse husa vil skape enno meir «synssperre» mot sjøen – Vika.

4. Området generasjonstun. Her har arkitektane plassert 4 «mastodontar» av bygg i et areal som er altfor lite til den utnyttinga som er foreslått. Bygg C kan aksepterast. Pga. kote høgd kan dette bygget byggast i 5 etasjar utan sjenanse for bakanforliggande bygg. Dette bygget kan eventuelt utvidast i forhold til planen. Bygg A og B bør ikkje realiserast. Denne plassen trengst for uteområde til barnehagen, psykiatri og omsorgsbustadene, slik at bebuarane/brukarane kan nytte uteområdet på ein god måte som skaper trivsel og tryggleik, gjerne også ein sansehage. Dersom ein realiser bygg A og B vil området bli fortetta slik at det går ut over den «trivselsbyen» vi prøver å skape.

5. Holsekerdalen – veksthus delen er prega av «fatamorgana»! Slik arkitektur høver ikkje inn i Ulsteinvik – miljøet. Området bør brukast til føremål boområde og gjerne som «intergenarsjonell buform», men utforma på ein meir «sunnmørsk» måte.



Kommentar til forslaget frå Nordic Office of Architecture m.fl.:

1. Området frå Bjørndals minne og ned mot sjøen er opna. Det er bra, men husa på begge sider av korridoren må vere lavare enn vist på planen, maks 2 etasjar. Dette fordi det vil skape lys og romfølelse langs den opne korridoren. Høge hus vil stenge korridoren inne.

2. Bak Bjørndals minne har planmakarane gjort det fantastiske krumspring å plassere bustader i Bjørndals Parken. Dette må sjølvsagt vekk!

3. På området til 8/18 (bustadtomt) mellom denne eigedomen og 8/224 og 8/202, 300 er det plassert 3 bueiningar slik det går fram av side 49 i prospektet. Desse må fjernast ettersom dette er privat område regulert til bustad og bebygt med bustader, den eine innafor vernesona (8/18). Området er dessutan ein del av den grøne korridoren langs Vikeleva, som omsluttar begge sider av elva og gir ein heilskap med Bjørndalsparken. Dersom området mellom 8/18 og 8/10 austover, må eventuelle bygningar tilpassast den trehusbebyggelsen som er der i dag og som høyrer til den historiske delen av gamle Ulsteinvik (harmonisering).

4. Huset som er plassert nedanfor rundkøyringa ved Blåhuset mot sjøen bør fjernast, ettersom opning mot sjøen er eit overordna ynskje etter et vi forstår og støttar absolutt! Sjå side 49 i prospektet. Utandørs klatrevegg på området er eit godt forslag, og vil ikkje hindre opning mot sjøen. Sjå side 55 markert med nr. 7. Klatrevegg og sjøtilknytt aktivitetar for ungdom og andre, vil høve godt her.

5. Opning av Vikelva gjennom heile bykjernen er svært bra, og kan skape eit miljø for rekreasjon og nyting! Ulsteinviks Venezia!

Med ynskje om «god planbetring»

Solveig Henriette Wiik og John Georg Larsen, eigar av 8/18 i Ulstein

-

Noko du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no