Halloween er opplæring i organisert kriminalitet

Å true med "knask eller knep" er akkurat same slags metoder som mafiaen brukar i mange land, meiner Kåre-Johan Lynge.  Foto: rawpixel (c) 123rf.com

Få slutt på denne ekle tradisjonen ein gong for alle

Kåre-Johan Lynge
Lesarbrev

Foreldre som let sine born delta i Halloween kommuniserer til sine born at det er greit med mafiavirksomhet og korrupsjon! «Knask eller knep» er akkurat same slags metoder som mafiaen brukar i mange land. «Vi beskytter deg, dersom du gir oss litt av ditt godteri (les; forteneste), men dersom du ikkje gjer det, så terroriserer vi deg».

Dei som let borna sine delta i Halloween gjer borna ei «bjønnja-teneste»! Det er ingenting «søtt» med born som kjem og «forlanger» godteri og ser ut som hekser og halvdjevler! Og den som er med og «finansierer» dette ved å spandere på dei, kommuniserer også at dette er greit å holde på med.

Så når dei små og håpefulle stolte kjem heim igjen med sine fulle godteposer som dei innbiller seg at dei har trua til seg ved sine skræmande drakter og truslar om «knask eller knep», så er ikkje dette noko bra «minne» å ta med seg vidare på livsvandringa.

Så mi oppfordring er; ikkje sendt borna ut på «Halloween-slang»!, og ikkje gi dei noko dersom du får besøk på døra heller! Så kan vi få slutt på denne ekle tradisjonen ein gong for alle.

Lat butikkane som kjøper inn Halloween-ting «brenne inne» med alt sammen, så blir det nok slutt på det tenker eg.

Finn heller på noko hyggelig som borna kan holde på med i staden for, så dei kan utvikle seg til kjekke samfunnsborgarar til glede både for seg sjølv og andre, og ikkje til små troll.

Kåre-Johan Lynge