Eldreomsorg

Ein trygg og verdig alderdom

Hadartun. Illustrasjonsfoto: Marius Myklebust. 

Lesarbrev

Heilt ærlig så var eg ikkje tenkt på å involvere meg i dette, men sidan den gruppa det er snakk om å endevende kvardagen for ikkje er dei som ropar høgast eller klagar mest, så får eg som pårørande gjere det så godt eg kan på mor sine vegne. Ja… kanskje på vegne av fleire, men det er ikkje for meg å vurdere. Det må du som lesar, politikar, pårørande og ikkje minst framtidig brukar / pårørande vurdere…



Det å føle seg trygg:

For våra mor var det å føle seg trygg noko av det første ho la vekt på i positiv forstand da ho fekk plass på korttidsavdelinga ved Hareid sjukeheim etter å ha budd aleine i heimen sidan ektefellen gjekk bort.

Ho klaga aldri da ho budde heime og ikkje no heller for den slags skyld, men det er nok ganske vanlig blant den eldre garde. Vil ikkje vere til bry… Det å bu på korttidsavdelinga og vete at der er nokon som ser til deg, gir iallfall mi mor den tryggleiken som ho både treng og fortener. Og jammen synest eg at eg som pårørande også treng det. Det å vete at mi kjære mamma ikkje kjenner på det å vere redd og utrygg, ja det… det er meir verdt enn ein kan beskrive med ord.

Får ein dette tilbodet i ein omsorgsbustad? Neppe.

Ein kan ha tryggleiksalarm seier du? Nei… tryggleiksalarm kan faktisk ikkje erstatte menneskelig tryggleik. Det er heller ikkje alle som er komfortabel med å bruke tryggleiksalarm heller. Men… det kan vere vanskelig å seie i høgt… Vil ikkje vere til bry…


– Å la nedskjeringane gå utover dei svakaste vert heilt feil

– Det er ingen som bur på Hareid sjukeheim som ikkje har bruk for plassen. Å la nedskjeringane i velferdssektoren gå utover ei av dei svakaste gruppene i samfunnet vert heilt feil.


Mat og drikke;

Dette er noko dei fleste må ha regelmessig. Ja… eg vil seie det er ganske livsnødvendig. Det å lage seg eit måltid aleine, ete den aleine og sette seg ned for å kose seg med maten… Det kan ein sette pris på når ein er midt i livet med ein haug med ungar som krev oppmerksamheit til alle døgnets tider, men… for eldre kan dette måltidet vere eit ork å stelle i stand, og lysta på mat er aldeles ikkje nødvendigvis på topp. Da er det litt meir innbydende å sette seg til bords ilag med fleire og innta måltidet, sånn som ein gjer på korttidsavdelinga.

Det er heller ikkje alle som er i stand til å ordne seg eit varmt måltid, men det kan ein få kjøpe vert det sagt… Ja, tilbodet eksisterer og det er bra… Men… du skal ha økonomi til å nytte deg av tilbodet også…


Stilte spørsmål ved dei føreslegne budsjettkutta i velferdssektoren:

- Gir meg ei dårleg magekjensle


Økonomi;

Det å bu i ein omsorgsbustad medfører at den eldre må betale husleige. Så tenker du kanskje no at dei må no betale for seg når ein bur på korttidsavdelinga også, så det gjeng no ut på eitt… Nei, det gjer ikkje det.

Ved korttidsavdelinga betaler ein for opphald inkl. kost, medisin mm. Det er kun privatartiklar som shampo, tannkrem, etc. ein må betale sjølv.

Bur ein i omsorgsbustad må ein sjølv betale mat, medisin, lege, tannlege… ja, alt du treng i kvardagen, i tillegg til husleiga. Slik praksis er pr i dag, så betaler du husleige etter kva pensjon du har. Nokon kjem betre ut enn andre, men er du rett uheldig i utregninga vert det ikkje mykje til overs.

Ein annan ting som er verdt å nemne, er at dersom eg skal ut på husleigemarkedet, så kan eg prøve å finne ei leilighet som passar til den økonomien eg har. Eg kan velge ei leilighet til 6.000,- isteden for 8.500,-. Dette valget har ikkje ein som flyttar i omsorgsbustad, fordi; husleigeprisen vert bestemt etter kva pensjon du har.

Legetilsyn;

Spør ein dei eldre om helsa, så er den upåklagelig. Vil ikkje vere til bry… Er ein på korttidsavdelinga kjem legen innom og tek nødvendig tilsyn. Bur ein heime eller på omsorgsbustad må ein ordne med dette sjølv. Betale sjølv. Ordne med nokon som kan vere med. Det vert sjølvsagt pårørande som må stille opp, og ja… heldig er den som da har ein pårørande som kan stille opp…

Aktivitet og sosialt samvær;

Trur ikkje eg skal seie så mykje her da det seier seg sjølv at det å bu på ei avdeling med fleire innbyr til at aktivitet og sosialt samvær er mykje meir tilgjengelig enn for den som bur aleine i ein omsorgsbustad. Og eg treng vel ikkje påpeika kor viktig dette er i kvardagen.

Vert det ein realitet å legge ned korttidsavdelinga for den gruppa av eldre som treng DETTE tilbodet, over på omsorgsbustader, er eg redd isolasjon vert resultatet. Min påstand er at isolasjon fører til redusert helsetilstand, og det er vel ikkje det vi ønsker for våre eldre… Jo, men no skal vi no bygge omsorgsbustader i rullator-avstand frå sentrum vert det sagt. Ja, det er kjempeflott det for den dette passar for, men… Det er ikkje alle eldre som klarer ein tur til sentrum, sjølv om dei har den beste rullatoren det er mulig å skaffe.

Velferdsteknologi;

Eit vanskelig ord, men etter det eg forstå så skal kvardagen verte så bra for dei dette gjelder, for det er berre å legge til rette for digitalisert omsorg. HALLO… Eg trur idéinnhavar her må tenke seg om ein gang til. Den digitale verden er HEILT gresk for mange eldre. Om den digitale kvardagen skal erstatte menneskelig kontakt med at ein person skal sete å titte inn i ein dataskjerm om dei eldre har det bra, ja da vil eg seie vi er på ville vegar. Velferdsteknologi KAN IKKJE erstatte den menneskelige kontakt og tryggleik.

Så nokre tankar eg har gjort meg;

Er det virkelig denne kvardagen vi vil gi dei eldre som er for dårlige til å bu heime, og som ikkje er i stand til å ivareta sin eigen kvardag og helse? Og som er for godtfungerande til å kome på skjerma avdeling? Det kan eg virkelig ikkje tenke meg… Det må ikkje bli slik at ein omstrukturerar berre for å gjere noko slik at ein kan klappe seg sjølv på skuldra med at no har vi iallfall gjort noko.. Det er ikkje dei eldre verdig.

Eg håper virkelig at sunn fornuft vil seire i denne saka og at ansvarlige i denne saka ser at av og til må ein vere Ole Brom; Ja takk, begge deler.

Fordi; uansett kva argument som ligg til grunn i denne saka som i mange andre saker så er det økonomi. Vi mennesker er ikkje A4. Mange treng tilrettelagt kvardag for sin situasjon, og vi treng faktisk å oppretthalde tilbodet både til korttidsavdeling og omsorgsbustad. Eg er heller ikkje så sikker på at det er juridisk lovlig å legge økonomi til grunn for å legge ned f.eks. korttidsavdeling.

Eg vil berømme kommunerepresentant Berte Holstad Engen for at ho tør å kjenne på, og uttale i høgt at ho har ei dårleg magekjensle i denne saka. Eg håper også at Berte sine kollegaer tørr kjenne grundig etter sin eigen magekjensle i denne saka.

Kvar skal ein ta pengane fra da? Tja… kanskje ein kan begynne med å kutte i bruken av konsulentar i og med at eg vil tru kompetansen allerede er til stede i kommunen…

Dette vart eit litt lengre innlegg enn det eg hadde tenkt i utgangspunktet, men det gjenspeiler berre kor viktig denne saka er. Ikkje for meg… men for mor og mange andre.

Toril Eidsvik