Kjære sambygdingar. Eller, det vert i grunnen feil å skrive, sidan eg har budd i Oslo over halve livet no. Men, når sant skal seiast er eg (og vil alltid vere) Hareidsdøling.
Tusen takk for alle oppmuntrande ord, og for all støtte og stemming i haust. Eg hadde aldri fått æra av å bli kåra til Årets kvinnelige friidrettsutøvar om det ikkje hadde vore for de "der heime".
Det har vore rørande å lese innlegg i lokalavisa der ein har oppmoda folket til å stemme på Karsten og meg.
Så, nok ein gong, tusen hjarteleg takk! Og god jul.
Venleg helsing Therese Falk