Lesarbrev:

Om hjernevask og paradoks

"I kjent stil, med veivande hender og svulmande ord, har han tatt proteksjonisme, nasjonalisme, rasisme og egoisme til nye høgder, samt konsekvent motarbeida internasjonale avtalar og organisasjonar." Det skriv Ole Frank Bakken om Donald Trump i sin kommentar, "Hjernevask og paradoks". Her er USAs tidlegare president på golfbanen med Japan sin tidlegare statsminister Shinzo Abe - for ei tid tilbake.  Foto: Wikimedia Commons.

Lesarbrev

Utan at eg skal gå djupt inn i diskusjonen om kven som vann valet i USA, kjenner eg for å løfte fram nokre moment om hjernevask og paradoks. Men fyrst; Dersom nokon av VPVB (Vikebladet Vestposten, red. anm) sine lesarar ynskjer vite fakta om valet i USA, vil eg foreslå nettsida til CISA. Det var til dette Homeland Security departementet Trump i 2018 sette sin beste mann, Christopher Krebs, til å overvake og sørge for at 2020-valet vart rettferdig og transparent gjennomført. Då Krebs på vegner av sine over 3 300 tilsette oppsummerte at «valet 3. november 2020 er det sikraste i amerikansk historie», vart han sparka av Trump. Som forventa av ein stor leiar, vart Kreps informert om avgjerda gjennom Twitter og der hetsa som «idiot» av sin arbeidsgjevar.

Du finn avkrefting av alle påstandar/rykte som G. Saunes (GS) og K.J. Lynge (KJL) deler på denne sida: www.cisa.gov/rumorcontrol Fantasiane om kommunistar, venstresida, Soros og alskens konspirasjonar om valet, er sjølvsagt udokumentert tull og fjas. Over 60 saker vart prøvde for retten, men avviste. Ikkje av tekniske grunnar som GS/KJL hevdar, men av manglande bevislege årsaker.

I store opne høyringar i beste sendetid har påstandar om juks vorte tilbakeviste ein etter ein. Lokala hadde TV-overvaking døgnet rundt og ein kunne gå tilbake og granske og gje forklaringar om ting som i ettertid har vorte påstått var juks. Valet vart også i større grad enn nokon gong overvaka av partia sjølve og objektive internasjonale observatørar. Samla rapportar over heile USA tyder på at det var det mest transparente og sikraste valet i historia.

Så trur eg det fasinerer fleire enn meg, den noko arrogante påstanden om at dei fleste av oss er hjernevaska og ikkje forstår vårt eige beste. Det er visst media som hjernevaskar oss. Vi greier visst ikkje lese og finne «sanninga» om Trump og valet i USA. Sanninga er å finne hjå Document.no, Newsmax, OAN og nokre konspirasjonsteoretikarar på YouTube. Von dess!

Personleg har eg noko større tru på mine sambygdingar enn GS. Sjølv om det kan verke overveldande, så har mange (ja, kanskje alle) høyrt om internett, greier leite fram Fox News, Newsmax eller CNN. Dei alle fleste greier også lese sjølve, forstå kva som er LIVE-bilete og leite fram Twitter.

I kjent stil, med veivande hender og svulmande ord, har han tatt proteksjonisme, nasjonalisme, rasisme og egoisme til nye høgder, samt konsekvent motarbeida internasjonale avtalar og organisasjonar. Heilt utan hjelp frå faktaresistente Trumpistar har i alle fall eg bivåna ein klovn i fri dressur på live-TV, som – til himlande auge frå eigne fagfolk – fornekta fakta, vitskap og sunn fornuft og som ville sprøyte kjemikaliar i årane mot Covid19. Altså, det har vore fleire enn meg som har undra om mannen er ved sine fulle fem etter å ha sett Trump i fri dressur. Men det er sjølvsagt andre som er hjernevaska.

Utan å gå inn på all galskapen siste 4 år, så pyntar han verkeleg kaka siste veka som president. Eg såg talen til Trump der han ordrett seier; « … om du ikkje kjemper som et helvete, så kjem du ikkje til å ha eit land meir»..... « … Vi skal gå mot Kongressen – og eg skal vere med dokke …». Mobben følgde ordren og gikk mot Kongressen. 4 liv gikk tapt og ei heil verd fekk sjå Trumpistar i fri utfalding.

Likevel ser det ikkje ut til å gjera inntrykk på meinigheita. Trump er Israelvenleg og det overskuggar alt og fører til at enkelte kristne tilgir og forsvarar Trump og meinigheita uansett kva dei gjer og seier. Paradokset kjem når ein no har funne kva gruppering som storma Kongressen og som høyrer til denne meinigheita; Ei salig blanding av høgreekstreme med flagg og banner der vald og anti-demokrati er felles nemnar. På t-skjorter og banner finn ein «Camp Holocaust» og 6MWE (seks millionar var ikkje nok), sørstatsflagg, QAnon plakatar med påstand om Deep State, skuldingar om pedofili og «stop the steal». Vidare personar som sympatiserer med NSC131 (Nynazistar), NAM (som ikkje er anarkistar, men antisemittar) og Proud Boys. Dette let seg lett dokumentere på live-TV og bilete. Men kva gjer det så lenge Trump har flytta ambassaden til Jerusalem og Document.no hevdar det var Antifa som storma Kongressen. Og det er sjølvsagt andre som er hjernevaska.

Men for all del. Vi er i ei tid full av paradoks. Vi ser kvakksalvarar, spåmenn og alskens alternativ medisin veks i rekordfart, medan fleire hundre år med forsking og vitskap om helse og helbred vert hudfletta i ekkokammer på nettet og i protestgrupper mot vaksine og lockdown. Der er Covid19-pandemien ei ufarleg influensa, styresmaktene våre vil oss vondt, godt støtta av noko dei kallar «main stream media». Dødstal, live-bilete frå massegraver, folk som vert behandla i bilar eller på feltsenger og skildringar av seinverknadar ser ikkje ut til å gjera inntrykk. Og i medium hylla av Trumpistar og konspiratørar, vert folkevalde hevda å vere del av ein verdsomspennande konspirasjon der 5G-nettet, chemtrails (dei kvite skyene bak fly) og vaksine er middel for å hjernevaske og overta verdsherredømet. Og det er sjølvsagt andre som er hjernevaska.

Vi ser utfordringar med miljø og klima, svolt, migrasjon, kriminalitet og ei meiningskløft djupare og breiare enn nokon gong. Løysinga i Trumpistekkokammer skal visstnok vere proteksjonisme, nasjonalisme, egoisme, sette inn faktaresistente leiarar og kneble fri presse, framfor internasjonalt samarbeid. Alt anna er «fake news» og globalisme, kva no det skal bety. Og det er sjølvsagt andre som er hjernevaska.

I kveld har eg lytta til ein ny president i USA som gav meg håp. Utan å vite mykje om Biden, så verka han korkje dement eller mindre intelligent. I motsetning til Trump sin tale i 2016 som stort sett handla om han sjølv og eigne planar, opplevde eg ein president som uttrykte personleg og politisk varme, var inkluderande og forsonande. Men kva veit eg? Eg er visst også hjernevaska.