Det er enkelt å vere etterpåklok

Karoline Årseth Dimmen er tredjeårselev ved musikklinja ved Volda vgs og tek til motmæle mot elevar som kjem med anonym kritikk mot korleis smittevernet vart handtert då skulen skulle spele inn ein musikkvideo.  Foto: Privat

Lesarbrev

Det at årets musikal vart avlyst, var kanskje den største nedturen av alle, dersom eg ser tilbake på det siste året. Vi er ungdommar, den beste tida i livet, og alle hendingane vi har sett fram i mot, vert avlyst ein etter ein. Alt i frå vanlege konsertar, kyrkjekonsertar, reiser utanlands med klassa og no ei usikker tid om korleis russetida, feiringa av 13 års skulegang, skal gå føre seg.

Men aller verst var det når beskjeden om den avlyste musikalen kom. Eg trudde ikkje heilt på det, og det måtte gå nokre dagar før eg heilt innsåg kva det innebar. Ein av hovudgrunnane til at eg søkte på musikklinja, var musikalane. Og etter to år ved linja, veit eg kor kjekt og givande prosjektet er. Ei samansveising på tvers av årstrinn og linjer, der ein kollektivt arbeidar for eit felles mål. Eit produkt vi er stolte av, og vil vise fram til alle!

Sjølvsagt er den tredje musikalen eit høgdepunkt, endeleg skal ein få vise kva ein kan, det er noko ein har sett fram til lenge.

Men slik som «alt» anna vert utsett og avlyst, så måtte dette skje med den kjære musikalen også.

Lærarane la opp til ei alternativ prosjektveke, der vi på førehand skulle spele inn tre songar i studio, og den aktuelle veka skulle nyttast til filming. Dette i hensyn til den nye kvardagen vi har levd med, i no meir enn 365 dagar.

Og alle som har levd under desse forholda, veit korleis ting skiftar frå veke til veke, dag til dag. Så planlegging må ha vore ei utfordring med dei som sat med ansvaret for dette.

Eg sjølv, som hormonell, egoistisk og lett-irritabel tenåring, kritiserte lærarane for korte varslar og uoversiktleg planlegging. Men spørsmål gav svar, og vi fekk planar.

Det å sjå tilbake på ringverknadane av prosjektet vårt, gjer det enkelt å vere etterpåklok. Nokre reagerer med frustrasjon for korleis filmingane gjekk føre seg, og tek dette utover lærarane våre, ved å gå anonymt til avisa.

Elevar som går på vidaregåande er det vi kallar ungdommar, unge vaksne. Vi er i frå alderen 16 til 19 år. Somme av oss er også rekna som myndige, vaksne. Vi tek eigne val og har eigne meiningar. Vi veit å utrykke for det vi er ueinige i, og det er her eg meiner fleire har tatt feil i denne situasjonen.

Det og no sitje heime å meine kva som burde ha blitt gjort, og ikkje gjort, det er dessverre litt seint. I tilfelle du har den slags kritikk til lærarane eller leiinga, så køyr på – send dei ei melding privat. Men det stakk meg i hjartet å lese kritikken som lærarane no får. Det blir feil handtering å rette diskusjonen offentleg.

Vi har alle saman vit nok til å tenke sjølve, så dersom du opplevde situasjonen med filminga ubehageleg, så burde du ha tatt opp handa di, og sagt i frå, eller sendt ei melding til dei som ar involvert i augneblikket.

Eg vil vertfall rette ros mot lærarane som har forsøkt å gi oss ei så god prosjektveke som mogleg, tilpassa situasjonen. Vi er gamle nok til å ta ansvar sjølve, så syndebukk-jakt for at du skal ha det betre med deg sjølv blir heilt feil.

Lærarane er menneskelege, og dei gjer feil, slik som eg og du også gjer.

Det at smittesituasjonen har utbreidd seg slik det no gjor, midt i prosjektveka vår, trur eg også er svært tilfeldig. Smitteutbrotet kunne like så godt ha skjedd i ein vanleg skulekvardag og eg trur ikkje filminga har hatt stor utløysingskraft. Vi har hatt mykje flaks, og levd tilnærma normalt på Sunnmøre store delar av det siste året. Men ein gong måtte situasjonen forverre seg, også for oss, og dessverre traff det no. Eg håper at folk ikkje legg skuld på dei enkelte personane som til no er smitta, og at folk forstår at dette kan ha skjedd alle og einkvar. Alle er like utsett.


Med venleg helsing

Karoline Årseth Dimmen, elev i 3MU