Nye tider i fjordleia?

Fjordleia: Langs den blå linja vil skipstrafikken gå permanent i fjordleia når skipstunnelen opnar. Skjermdump frå Fiskeridirektoratet 

Smell det tre amerikanske lårhalsar på Stadhavet, står det seks amerikanske advokatar i Tromsø veka etter.

Knut Arne Høyvik
Lesarbrev

Stad skipstunnel blir bygt, og det vil føre til at mesteparten av skipstrafikken vil gå permanent i fjordleia. Mindre båtar som før unntaksvis kunne gå Stadhavet, kan no gå gjennom fjellet, og trafikken i fjordleia vil auke.

I dag ser eg på AIS-systemet at mange fleire båtar enn før går fjordleia, med den skilnad at dei uansett må ut og forbi Stadhavet. Ved å følgje fjorden unngår dei det opne havet vest av Flåvær og forbi Flø.

Å rekne tidsbruk på sjøen er vanskeleg- det er vind og straum som påverkar farta.

For ei tid tilbake sidan skreiv eg eit notat til nokre kontaktar om Stad skipstunnel. I notatet understreka eg det er skilnad på å gå ei nautisk mil i ein smul fjord, og ei nautisk med ein sterk kuling rett i baugen, det skjønar i alle fall alle sjøfarande. Eg samanlikna det med å køyre på ein veg med fartsdumparar, mot å køyre på ein veg utan. Og eg hadde ein grundig rapport som dokumenterte godt akkurat det. Leif Vartdal og Leif Aarseth ved Rolls Royce Marin laga ein rapport om fart og oljeforbruk i uroleg sjø ved Stad, kontra seglas gjennom tunnelen. Rapporten illustrerer godt problemstillinga, men den fekk diverre alt for lite merksemd.

Knut Arne Høyvik.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Strategi

Frå no og fram til tunnelen opnar må kommunane som grenser til fjorden legge ein strategi blant anna for eit anløp av ein hurtigbåt.. Spørsmålet om å etablere eit interkommunalt godsmottak, er ei større sak, men må reknast på og vurderast.

Båtane som skal laste og losse ved verft og fiskeindustri går sjølvsagt direkte til kunden som før. Spørsmålet er om vi og miljøet vil spare på felles godshandtering for søre, av mindre type gods frå skip, som kan distribuerast ut til alle kommunar, om så med klimavennlege bilar.

Målsetjinga til alle politisk parti, er at vi skal transportere meir varer på sjøen, og mindre på land, det er eit klart politisk signal frå sentralt hald.

Alle kommunane på søre grensar opp til fjordsystemet og Vanylven som får innslagspunktet for tunnelen har starta arbeidet med planlegging.

Dersom det blir oppretta ei hurtigbåtrute frå Bergen-Molde, peikar Eiksund seg ut som det beste alternativet for anløp av hurtigbåt, på grunn av geografisk plassering i høve til alle dei andre kommunane, og nærleiken til Eiksundsambandet. Men både Rjåneset og Berkneset er gode alternativ for stoppestadar i Fjordleia.

Hurtigruta

Hurtigruta sine disposisjonar, skjønar eg berre ikkje. Dei som engasjerte seg mest i skipstunnelen gjennom alle år, hadde lenge nokre hurtigrutekapteinar som viktige støttespelarar, sjøfolk eg har stor respekt for. Men brått snudde Hurtigruten sin administrasjon i Tromsø, og sende ut ei pressemelding om at dei ikkje ville nytte seg av tunnelen viss den kom. Hurtigruten gjer sjølvsagt akkurat det dei vil, men då dei nærast argumenterte med at Stadhavet er ein turistattraksjon, tenkte eg at no har nokon rykt ut jordleidninga.

Eg følgjer hurtigrutene på skjermen og dei er mykje meir varsame enn før, dei legg oftare stilt, nord eller sør for Stad, når vêret er dårleg. Smell det tre amerikanske lårhalsar på Stadhavet, står det seks amerikanske advokatar i Tromsø veka etter. Per Sævik kan smile, fordi Havila sine kystruter kjem til å ta marknadsandelar frå Hurtigruten sitt turistmarknad. Turistar på ferie er sjølvsagt ikkje interessert i og meinholde seg i køya, når dei kan få ei smul reise gjennom fjellet.

Det skal bli spanande å sjå om Hurtigruten står ved sitt standpunktet, når stormane stoppar dei, medan Havila sine kystruter kjem tøffande gjennom tunnelen i neonlyset.

Nok om det, men det som er felles for endringar vi trur vil kome, er at vi ikkje heilt sikkert veit korleis endringane blir. Endringar vi er skråsikre på at dei kjem, kjem kanskje ikkje. Dette er eit dilemma som politikarar har, fordi dei kan ikkje bruke store ressursar på reguleringsplanar og andre planar før dei har ein slags fasit. Ofte blir vegen til mens vi går, men både administrasjonane og dei folkevalde i kommunane på Søre bør tenke framover, med utgangspunkt i at det kjem permanente endringar i skipstrafikken når skipstunnelen opnar.

Knut Arne Høyvik