Heilt open talarstol i Hareid

Kristian Fuglseth oppmodar innbyggjarane i Hareid om å kome seg opp på talarstolen. (arkivfoto)  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Lesarbrev

Open talarstol i Hareid vart enno opnare etter kommunestyremøtet torsdag. Alle innbyggarar i Hareid kan møte opp og ytre si meining eller stille spørsmål til dei folkevalde i salen før møtet startar.



Open talarstol skal vere eit lågterskeltilbod for innbyggarane der dei kan fremje det dei måtte ønskje til det viktigaste demokratiske organet vi har lokalt.

Open talarstol skal sikre at politisk arbeid ikkje vert oppfatta som lukka, og at folk i større grad vert høyrde. Dette er viktige demokratiske prinisipp som vi må ta vare på. Det er alltid nyttig å høyre på kva folk meinar.


Formannskapet vil ha open talarstol i Hareid

Eit samla formannskap gjekk inn for at det skal innførast open talarstol i kommunestyret. Men Dag Audun Eliassen (Folkelista) signaliserte at det ikkje var alt han var nøgd med i retningslinjene til rådmannen.


Open talarstol har ikkje vore nedrent, men no er det berre å kome seg opp på talarstolen. Ein kan sende melding til ordføraren tre dagar i førevegen slik at han kan finne svar eller finne nokon som kan svare. Då har ein fem minutt til ei ytring eller spørsmål rett inn den offentlege debatten.


Kristian Fuglseth,

Folkelista for Hareid kommune