Søndagstur med grønn bismak

I utgangspunktet er det ein bra ide å plassere ut plastposar for hundelort, men er det eigentleg det offentlege sitt ansvar å rydde for hundeeigarane, spør Kjell-Olav Kleppe som også peikar på at fleire legg att desse posane ute i naturen. Biletet er frå Halsesvingen og utover mot Skeide.  Foto: Arkiv / Jorulf Myrene

Lesarbrev

Når våren kjem og snøen forsvinn, kan ein både oppleve og å lese om all hundeskiten som dukkar opp i skiløyper, fortau og turvegar. Dette er sjølvsagt lite hyggelig for den som er uheldig og trakkar i det. Men naturen har normalt evne til å rydde opp i slikt sjølv, og etter nokre veker med regn og vind er dette stort sett borte.

For å redusere dette problemet er det mange kommuner (deriblant Ulstein) som plasserer ut bokser med plastposar, tiltenkt for hundeeigarar å plukke opp hundeskiten. I utgangspunktet ein bra ide, men er det eigentleg det offentlege sitt ansvar å rydde for hundeeigarane?

Det som er langt meir respektlaust, er at ein god del av hundeeigarane nytter seg av plastposane i desse boksene til å plukke opp skiten, for så å kaste posen i grøfta.

På èin søndagstur langs Øvrevegen nyleg, talde eg mellom 10-15 slike grøne plastposer, i grøfta på dei ca. 200 m mellom avkøyrsla til Anholen og turvegen over eidet. Dette er plastposar som ikkje forsvinn med ver og vind. No skal ein ikkje generalisere alle hundeeigarar som uansvarlige plastforurensarar, då ein del er ansvarsbevisst og rydder etter seg. Men den det gjeld kjenner seg nok raskt igjen, og må skjerpe seg. Kven har dei tenkt skal rydde etter seg; er det kommunen det også?

Mitt poeng er: I dagens samfunn blir vi overkjørt av symbolpolitikk om «Det grønne skiftet», klimakrise og miljøbevisstheit. Kanskje kan den enkelte starte i det små med å plukke opp sine eigna plastposar med hundeskit. Det var vel neppe dei grøne plastposene som var meint med «Det grønne skiftet».

God helg, med eller uten hundeskit på skoa.

Kjell-Olav Kleppe