Lesarinnlegg:

"Viss Ulstein skal stå fram som ein kulturkommune, er det ikkje nok å bygge idrettshallar og stadion"

"Vi i styret for Utdanningsforbundet i Ulstein vil på det sterkaste åtvare mot å sjå på kulturskulen som ein salderingspost", skriv Hedvig Haakonsholm i eit lesarinnlegg. Her ser ein Penny Jackson Indreflø og ballettelevane som går andreåret øve inn ein dans dei skal framføre i juni.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Lesarbrev

Vi i styret i Utdanningsforbundet i Ulstein er urolege for kva tilbod kulturskulen kan gi i framtida, etter forslag om nedskjeringar i kommunen sin økonomiplan. Kulturskulen er eit lovpålagt tilbod, heimla i Opplæringslova § 13-6.

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.»

I Ulstein er 30 prosent av grunnskuleelevane elevar ved kulturskulen, mot 13 prosent på landsbasis. Dette viser både at det finst eit tydeleg behov, og at tilbodet som blir gitt er av god kvalitet. I undervisninga blir det lagt vekt på læring, utvikling og trivsel.

I Ulstein jobbar ein i tråd med “Rammeplan for Kulturskolen” som er vedteke i kommunestyret. Kulturskulelæraren kjem tett på, eleven vert sett og høyrt, og tatt omsyn til ved hjelp av god, tilrettelagt undervisning. Det er utviklande for barna å få oppleve meistring.

Dei som slit i den vanlege undervisninga kan få vise sine sterke sider på kulturskulen sin arena. Her er det ikkje viktig å vere best, men å få utfalde seg musikalsk og kreativt. Vi veit at dette verkar positivt inn på barn og unge si psykiske helse.

Kulturskulen har også eit samfunnsoppdrag som kulturformidlar.

Her blir kulturarven ført vidare, slik at vi til dømes kan høyre korpsmusikk i toget på 17. mai. For nokre legg kulturskulen grunnlaget for ei musikalsk karriere, noko Ulstein har fleire døme på.

Den 19. mars blei stortingsmeldinga Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge, presentert av kulturminister Abid Raja og kunnskapsminister Guri Melby.

Dette er eit historisk dokument, der også kulturskulen står i fokus. I kapittel 8 blir det foreslått tiltak for ein styrka kulturskule i framtida.

Dette harmonerer dårleg med Ulstein kommune sine forslag til kutt. I Ulstein kommune har vi ei satsing på heiltidskultur. Korleis passar deltidsstillingane i kulturskulen inn i denne satsinga? Vi i styret for Utdanningsforbundet i Ulstein vil på det sterkaste åtvare mot å sjå på kulturskulen som ein salderingspost.

Viss Ulstein skal stå fram som ein kulturkommune, er det ikkje nok å bygge idrettshallar og stadion. Vi treng ein kulturskule som kan stimulere til vekst.


Hedvig Haakonsholm

Lokallagsleiar,

Utdanningsforbundet Ulstein