Råkøyring på sykkel over fjellet ned til Skeide

Lesarbrev

Vi som bor her på Skeide ser at syklistar bruker stiane over fjellet som treningsturar. Det må dei gjerne. Men no har det vore så mange nesten-ulykker, at dei må ta å bruke vitet.

Dersom vi går der med barn og vogn, skulle vi kunne gå sakte og kose oss, utan å meinhalde barna, fordi det kjem ein galning susande nedover fjellsida.

Det er ein sving når ein kjem ned til husa, men det er ikkje slakkare fart på dei for det. Barnebarnet vårt måtte slenge seg i veggrøfta, og gjekk akkurat klar sykkelen. Og no stod eg såg ei mor med to veldig små barn der. Mens ho styrde med den minste, stod 3-åringen og venta. Eit steg bak, og han hadde vel ikkje vore i live.

Eg heldt på å svime av ved å sjå kor nær ulykka var der. Og dette er vaksne menn. Dei burde ha noko å tenke med. Har nok ikkje småbarn sjølv.

Finn eg ut kven det er, er vegen til politiet kort. Og korleis vil det kjennast ut og ha drepe eit barn???

Må ein ha fartsgrenser på fjellstiar? BRUK HOVUDET, vi vil ha barna våre, og gå i kosetempo for den alderen dei er i på fjellet. Og når snøen var her, kom dei i treningstempo like galne. Skuleborna går på tur her også, og ein ser ikkje rundt svingen, iallfall har ikkje eg høyrt om det til no.


Pergot Voldsund

Skeide