Ulstein kommune - reduserte driftskostnader

Å legge ned Ulstein skule og Haddal skule er å sparke seg sjølv på skinneleggen, uttrykkjer Torbjørn Måseide.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Torbjørn Måseide er tidlegare helsesjef og kommuneoverlege i Ulstein kommune.  Foto: Arkiv

Lesarbrev

Med høg gjeld og reduserte inntekter er Ulstein kommune i ein situasjon der ein må redusere driftskostnadane sine. På kommunebarometeret, som er eit mål for kor effektivt dei einskilde kommunane driv, ligg Ulstein svært gunstig an. Spesielt gjeld det utgiftene til helse og omsorgsteneste. Dei to store driftskostnadane i kommunane er helse/omsorg- og skolesektoren. Ein naturleg tanke vil då vere at ein må redusere kostnadane i desse tenesteområda. Med svært effektiv drift i helse og omsorg, og ei utvikling der omsorgstenestene vil ha behov for å auke bemanninga i åra som kjem, er det nødvendig å redusere kostnadane i skolesektoren. Dette er det administrasjonen har peika på. Dei rår til å legge ned skolane i Haddal og på Skeide sjølv om det er forslag som politikarane har avvist.

Skolen i Haddal har i fleire år vore eit viktig element i bomiljøet i bygda; ei bygd der få nye innbyggjarar har etablert seg trass ledige byggetomter. Skolen i Haddal har også blitt ein «nærskole» for dei som bor i Eiksund etter at skolen der vart lagt ned for nokre år sidan. Begge desse bygdene er bygder der kommunen ønskjer å oppretthalde eller auke talet på innbyggjarar. Skolen på Skeide ligg ikkje langt unna skolen i Ulsteinvik. Kommunen er i ferd med å ferdigstille gangvegen mellom Skeide/Ulstein og sentrum i Ulsteinvik. Kommunen har også lagt ut eit større bustadområde på Skeide. Nedlegging av skolane i Haddal og på Skeide vil då etter mi og mange andre i kommunen si meining vere å «sparke seg sjølv på skinnleggen». Kva andre tiltak kan vere aktuelle?

Eg har ikkje registrert at kommunen har rekna på kva ein kan spare ved å slå skolane i Haddal og på Hasund, og skolane i Ulsteinvik og på Skeide saman til to administrative einingar. Ein vil då fortsatt ha skoledrift i Haddal og på Skeide og kan tilpasse drifta til barnetalet på dei forskjellige stadane. Med den korte avstanden mellom skolane på Skeide og Ulsteinvik kan det vere naturleg å behalde småskoletrinnet på Skeide, medan dei eldste elevane vert flytta til skolen i Ulsteinvik. Kommunen vil ved ei slik ordning «vere rigga» med ein fortsatt god skolestrukur som er tilpassa både synkande og stigande barnetal. Og utviklinga i Ulstein er det neppe gitt nokon å vere heilt sikre på. Dei fleste ønsker vel at fleire vel å flytte til kommunen, - også fleire med barn. Det kan være greit å minne om den danske diktaren Piet Hein sine refleksjonar: «At spå er vanskeligt, særdeles om fremtiden».

Torbjørn Måseide