Det nyttar ikkje å berre lokke med å bu i blokk i Ulsteinvik sentrum

Forslaget frå administrasjonen i Ulstein kommune om å legge ned skulane i Haddal og på Ulstein er tema i dette lesarinnlegget frå Knut Øyvind Myklebust.

Knut Øyvind Myklebust bur i Eiksund. Arkivfoto  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Lesarbrev

Eg vil innleiingsvis gi honnør til at administrasjon og kommuneleiing legg opp til stor openheit i prosessen med innsparing for Ulstein kommune. Ved å ha folkemøte og å legge saksutgreiinga ut til allmenn forlysting i god tid før vedtak vert fatta, får innbyggarane godt grunnlag og god tid til å kome med innspel. På denne måte legg administrasjonen seg lageleg for hogg, og eg tek imot tilbodet om å halde øksa eit augeblikk med dette innlegget.

Når nedlegging av skulen på Haddal atter ein gong kjem på sakslista, vert det frå Kommunedirektøren forsvart med utgreiingsplikta administrasjonen har etter kommunelova § 13-1 (3). Dette trur eg er ei vid tolking av lova, og det ville nok ha vore tilstrekkeleg å sjå på potensielle innsparingar innanfor dagens struktur utan å lage eit tilleggsnotat om endring i skulestrukturen, som det er valt å gjere her. Ein kunne til nød kommentere at den ikkje er sett på, då det er vedteke den ikkje skal endrast i inneverande periode. Legg ein administrasjonen si vide tolking til grunn, burde dei i så fall også ha laga tilleggsnotat for den overordna organiseringa også av dei andre sektorane kommunen. Kan sjukeheimsavdelingar slåast saman i staden for å leggast ned? Kan helseteknologi endre organiseringa av heimetenesta? Kva er fordelar og ulemper med å bli med på Helseplattforma eller å konkurranseutsette IKT-drifta? For ikkje å snakke om den største steinen av dei alle: Kva innsparingar kan ein realisere ved ei kommunesamanslåing?

Når administrasjonen likevel vel seg ut enkeltsteinar i ly av § 13-1 og ser seg nøydde til å ta oppatt skulestrukturen, så burde likevel ei «forsvarleg utgreiing» etter lova bety at ein opererer med realistiske tal og forutsetningar, og ikkje ei ønsketenking og forenkling som lokkar politikarane til å tru på store innsparingar?

For Haddal skule vil dette seie at ein må legge til grunn at halvparten av elevane frå Haddal reiser til privatskulen i Myrvåg. Dette vil åleine gi ein kostnad på om lag 3 mill, samtidig som klassetalet (og ressursbehovet) på Hasund likevel må opp. Større klasser gir gjerne også større assistentbehov og sjukefråvær, utan at eg skal påberope meg kompetanse på det området. Hovudinnsparinga er likevel lønnsreduksjon ved å kutte i overkant at 10 årsverk i skulen. I den grad kommunen faktisk kjem i posisjon til å fjerne desse årsverka, kan det – så lenge kommunen også er monopolist på denne type stillingar – føre til fråflytting og påfølgande tapte skatteinntekter. Nedlegginga av Haddal vil i alle fall gjere Garnes, Haddal og Eiksund mindre attraktive for tilflytting – og dermed gi mindre potensiale for framtidige skatteinntekter. Raseringa av bygdesamhaldet ved at ei allereie lita barnegruppe vert delt på to forskjellige skular er vanskeleg å prissette, men det bør likevel takast med.

Noko som derimot kan prissettast, er at kommunen må koste skuleskyss både til Myrvåg og Hasund, og sidan dagens kapasitet er sprengd vil dette også vere snakk om ein betydeleg kostnad, og truleg langt meir enn estimatet på 0,8 mill. som ligg til grunn for innsparinga. Det ligg også i korta at skulen på Hasund må utbetrast for å kunne tilfredsstille krava. Kva vil det koste?

Og skulle ikkje dette i seg sjølv vere nok, så vil ei overføring av skulebygget til Haddal grendalag - gitt ein klarer å lure dei til å ta over vederlagsfritt – føre til at kommunen må kostnadsføre restverdien av bygget. Eg ser ikkje vekk frå at også det er snakk om ein del millionar, som dermed må sparast inn andre stadar for å skape balanse i rekneskapen.

Skulestrukturen i Ulstein kan og skal diskuterast når det er grunn til å tru at elevane ikkje får eit fagleg godt nok tilbod der dei er. Men som administrasjonen sjølve skriv i saksutgreiinga: «Det er ikkje mogleg å kategorisk slå fast at store skular er betre enn små skular, uansett kva parameter ein måler etter.», og det tyder vel på at elevane ved Haddal skule ikkje lid noko nød per i dag?

Og fram til det kjem indikasjonar på det motsette, vil eg difor be om at administrasjonen nyttar utgreiingsplikta si til å finne ut kva vedtak kommunestyret må gjere for å hindre at skulestrukturen kjem opp som ei økonomisk gladsak fleire gonger, når det i realiteten er snakk om ein betydeleg meirkostnad både for kommunen og for dei som vert råka.

Det er betre at både kommunen og innbyggjarane brukar energien og pågangsmotet på å gjere prognosane til Statistisk sentralbyrå til skamme, og sørge for at vi får ei auke i både folketal og elevtal i åra som kjem. Men eg trur ikkje svaret nødvendigvis ligg i meir sentralisering. Denne iveren kommunen har etter sentrumsutvikling og nedlegging får meg til å tenke på ei historie frå Andre verdskrig: På grunn av store tapstal vart det gjort analysar av britiske bombefly som kom heim med skadar, for å betre forstå kvar ein skulle gjere utbetringar for å få ned tapstala. Vingar og flykropp var overrepresentert i datagrunnlaget, medan motor, cockpit og hale sjeldan hadde skotskadar. Ein sette difor i gang med å pansre vengar og flykroppar betre. Heilt til ein innsåg at det var flya som ikkje kom heim ein måtte fokusere på, og at det nettopp var motor, cockpit og hale som var dei svake punkta.

Dette må ein ha i bakhovudet når ein spør dei som allereie bor i Ulstein kva dei kunne tenke seg av tilbod. For svaret vil ofte vere noko anna enn om du spør nokon som i dag bor i ein storby og lurer på å flytte heim. Og vil ein ha befolkningsvekst i kommunen, må desse svara vere vel så viktige å lytte til. Eg har sjølv budd i Bergen i nær ti år, og kan garantere at same kor ein byggjer ut Ulsteinvik sentrum med kultur, shopping og opplevingar så kan det ikkje måle seg med det tilbodet eg hadde (og har) tilgang til i Bergen. Så kvifor flytta eg likevel tilbake? Jau, fordi eg ikkje hadde behov for desse tilboda så ofte, og ville i staden få meir luft rundt meg, og vere tettare på naturen. Og å sikre at ungane får vekse opp i eit trygt og landlege miljø, slik eg sjølv gjorde.

Og eg er ikkje åleine. Pandemien vi no ser enden på har gjort til at fleire har fått opp augo for fordelane med å bu mindre tett og ha større areal rundt seg. Samtidig er det i stor skala bevist at ein lett kan jobbe digitalt frå kvar som helst i landet sjølv om arbeidsgivaren er i Oslo, Bergen eller London. Ved å utnytte dette momentet trur eg Ulstein og mange distriktskommunar har eit stort potensiale for befolkningsvekst. Men då nyttar det ikkje å berre lokke med å bu i blokk i Ulsteinvik sentrum og sette skulpturar i rundkøyringane. Då må også krinsane trekkast fram som gode alternativ for dei som ønsker seg meir landlege og rolege omgivnadar. Og ikkje minst: Det må verte slutt på dei stadige nedleggingsforsøka av krinsskulane, som undergrev alt arbeid som vert lagt ned for å få tilflytting til kommunen.

Knut Øyvind Myklebust

Eiksund