Noreg treng bonden - bonden treng ei løn å leve av

Lesarbrev

Korleis ville landet sett ut viss vi ikkje hadde hatt eit aktivt landbruk? I tillegg til å produsere mat, har vi bøndene å takke for at vi framleis har opne kulturlandskap. Det siste året har vi nok meir enn før fått auga opp for verdien av auka grad av sjølvberging. Vi konsumentar etterspør kortreiste produkt - rein og trygg norsk mat.

Vi må hugse på røtene våre. Dei som kom før oss, bygde landet med sine eigne hender. Forfedrane våre sleit med stein og nybrotsmark. Dei passa på å slå kvar ein skrapslått med gras, alt for at etterkomarane skulle sleppe å oppleve svolt og naud. Fordi dei såg verdien i å vere sjølvberga. I dag er det ikkje lenger lønnsamt å drive gardsbruk. Gjennomsnittsbonden får berre ein tredjepart av inntekta si frå jordbruket. Så- dagens bønder må nok vere idealistar for å orke å stå på. Bøndene tel ikkje arbeidstimar. Viss ein gjer det, vert timelønna låg.

Bruk vert lagde ned kvart år i stort antal. Men slik kan det ikkje fortsette! Det er på tide at vi reiser oss i solidaritet med dei som jobbar i verdas viktigaste yrke. Bonden treng eit lønnsløft, og statens tilbod må styrkast kraftig. Vi treng ein distriktsvenleg landbrukspolitikk. Og vi må verne om matjorda. Den er vår viktigaste ressurs, og vil vere gull verdt i framtida. Det tar tusen år å danne eit godt lag matjord. Noreg har forholdsvis lite jordbruksareal samanlikna med mange andre land. Berre tre prosent av Noregs areal er oppdyrka jordbruksareal. For å sikre matproduksjonen er det difor viktig med eit sterkt jordvern.

Det er fleire gode grunner til å verne om matjorda. Det handlar også om karbonlagring, flaumsikring, klimatilpassing, matsikkerheit, kriseberedskap og det globale fotavtrykket vårt. Regjeringa har nettopp lagt fram ein oppdatert jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Årleg omdisponering av dyrkajord skal vere redusert til 3000 dekar innan 2025. Det skal utgreiast eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala, og etablerast ei tilskotsordning for kommunale jordvernstrategiar.

SV støttar bondeopprøret. Birgit Oline Kjerstad, Møre og Romsdal SVs førstekandidat, som sjølv er bonde, vil arbeide for ein ny distriktsvenleg landbrukspolitikk. Vi skal ta heile landet i bruk og vi skal verne om matjorda.

Kersti Hasund, Ulstein SV