Vi må løyse natur- og klimakrisa

Lesarbrev

Klimautfordringane og tapet av naturmangfald er vår tids største utfordring, sjølv med ein pandemi som har rast gjennom verda det siste året. Venstre vil framleis føre ein ambisiøs klimapolitikk, som kuttar utsleppa, tek vare på meir natur og som skapar nye, grøne arbeidsplassar.

Temperaturen held fram med å stige, og truar menneske, samfunn og natur. Målet om å avgrense den globale temperaturauken, og nå klimamåla våre må vere førande for all norsk politikk. Vi må halvere utsleppa fram mot 2030, samtidig som vi skapar nye grøne arbeidsplassar, grøn teknologi og tek vare på meir natur.

Venstre har klima- og miljøministeren i den blågrøne regjeringa. Vi har fått gjennomført ei rekke tiltak for å redusere utsleppa og for å sikre naturmangfoldet i Noreg. Det er lagt fram stortingsmeldingar om miljøkriminalitet og naturmangfald. Vi auka talet marine verneområder frå 6 til 15 i 2020. Og sidan 2013 har Venstre fått til å verne 4000 kvadratkilometer. Vi har auka løyvingane i statsbudsjettet i fleire år. Anten det er for å ta vare på meir natur i verneområda eller for å ta betre vare på den mest trua naturen.

Landet vårt har no dei lågaste klimagassutsleppa sidan 90-talet. Det at Venstre er med i regjeringa utgjer ein skilnad. Det var Venstre som laga rammeverket for elbilpolitikken på starten av 2000-talet som har ført til ein elbilrevolusjon i landet vårt. Vi har stått fast på den og no er annankvar selde nybil ein elbil. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, det er villa politikk.

Venstre og regjeringa leverte ein klimaplan som er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. Det er første gongen ei rejgering lagar ein konkret plan for korleis vi skal nå klimamåla våre. Samfunnet blir betre når vi enklare kan reise kollektivt, når dieselferjer vert erstatta av ferjer på batteri eller hydrogen og når vi legg til rette for mange fleire grøne jobbar. Venstre har lenge meint at klimapolitikk også er god næringspolitikk, og det viser klimaplanen til regjeringa.

Miljødagen er ein viktig dag for å minnast på at vi må halde trykket oppe, både for klima og miljø. I september er det stortingsval, og Venstre vil halde fram med å jobbe for kutt i utslepp og fleire grøne jobbar.