Er eigedomsskatt usosialt?

Haddal skule 

Lesarbrev

Å auke eigedomsskatten for å bevare skular er usosialt, seier enkelte. Der er eg ikkje heilt einig. Eg er ein haddøling, som er så uheldig å eige ein liten jordlapp. For denne jordlappen, huset mitt, to naust og ei driftsbygning betalar eg eigedomsskatt. Eigedomsskatt som nok ein gong er til for å betale gjeld. Denne gjelda er det Ulstein kommune som står for, og dei har brukt snart kvar ei krone – i Ulsteinvik sentrum. Den «kamelen» har eg vel for så vidt svelgt, slik som mange andre. Men når Haddal skule vert trua opp til fleire gongar i året med nedlegging på grunn av at kommunen ikkje ser seg økonomisk sterke nok til å drifte den, er det visst ikkje eit alternativ å auke eigedomsskatten for å bevare lokalskulen – og grenda vår. For det er nemleg usosialt overfor folk busette i Ulsteinvik. Korleis kan sentrumsfolket og ordføraren meine det, sit eg igjen og tenkjer då. No skal ikkje alle dragast under same kam, men ved fleire tilfelle har dette blitt ytra.

Men kva om vi snur saka heilt rundt, og ser det frå bygdefolket si side. Ulstein kommune har brukt titals millionar kroner i Ulsteinvik sentrum. Flott symjeanlegg og anna som er svært å ha, dukka stadig opp. Dei har lånt pengar, og bygd nett det som passar dei best. Det nyaste no, er vel eit påbygg av den eldgamle barneskulen i sentrum, dette for at sentrumselevar skal ha god nok plass.

Dette er bygg og gjeld vi i grendene må betale eigedomsskatt for, på lik linje med resten av kommunen, sjølv om vi ikkje har det på langt nært like tilrettelagt som sentrumsfolket har det. Er DET sosialt rett, spør eg då?

Er det sosialt rett at vi her på bygda som eig meir areal enn kva ein gjennomsnittleg sentrumsbebuar eig, skal betale eigedomsskatt for gjeld som er brukt på bygg og by som er snart ei mil her ifrå?

Kom ikkje her og sei at det ikkje er sosialt rett å auke eigedomsskatten for å bevare skulen vår. Tek dokke ifrå oss skulen vår no, bryt dokke ned grenda vår samstundes. Då sit vi att med ingenting, og dokke har eit flott sentrum, og kanskje ein slant med peng til overs om dokke er heldige. Att på til, er brakker det einaste skuletilbodet dokke kjem med til borna våre, som løysing på plassmangelproblemet som vil oppstå ved skulesamanslåing på Hasund skule. Dette blir for dumt.

«Brakker har vore klasserom før, og det gjekk bra» – Vel ok, her kjem ei utfordring til dokke:

Verner Larsen og Knut Erik Engh; Flytt kontorpulten og laptopen dokka inn i kvar dokka brakke, og sjå kor lenge dokke trivast der.

Tørres Myrene, pappa til to små i den flottaste barnehagen i kommunen, og snart komande elevar på Haddal skule.