Er politikarane i Teknisk utval «ute og køyrer»?

John Georg Larsen synest ikkje skuleelevane skal setjast av i Gjerdegata.   Foto: Linda Eikrem

Lesarbrev

Vi ser med undring oppslaget i Vikebladet av 9. juli at politikarane i teknisk utval ynskjer å sette busstrafikk gjennom sentrum til det utvida skuleområdet i Ulsteinvik! Mindre bil- og busstrafikk gjennom sentrumsområdet må vel vere målet?



Dei siste 3 åra har elevane som kjem og reiser med buss hatt av og påstigning ved busshaldeplassen i Ulsteinvik sentrum. Dei får dermed ein fin trim- og sosialiseringstur til/frå Ungdomsskulen i Ulsteinvik. Dette er i tråd med offisiell skulepolitikk med tanke på meir fysisk fostring og styrking av gymnastikk-faget i skulen. Spaserturen til/frå skulen blir dermed ein fin sosialiserings arena for ungdomane som kjem frå ymse bygder – eit høve til å bli betre kjende med kvarandre. Frisk luft før skulestart aukar innlæringa og skaper betre helse. Ein treng hverken vere pedagog eller medisinar for å forstå dette. Dette ser ut til å ha fungert fin og bør fortsette!



Dersom bussane no skal starte opp med køyring «heilt fram til skuledøra» så er det stikk i strid med helseperspektivet for ungdomane og for dei andre som bur og ferdast i bumiljøet langs Gjerdegata. Dette har mellom anna Vikemyra Velforening understreka ved fleire høve.


Meiner borna har godt av å gå

Vikemyra Velforening meiner skuleborna godt kan gå frå sentrum også etter Arena Ulstein er bygt ferdig.



Busshaldeplass blir anleggsområde

Skuleborna som blir frakta i buss til sentrumsskulane i Ulsteinvik får ikkje gå av og på bussen der dei brukar.


Å leie store bussar gjennom Vikemyra og Gjerdegata skaper utfordringar for gåande ti/frå skulen og andre bebuarar i området. Vegen frå Arena Ulstein til Vikemyra er ei «fartsstripe» der svært mange køyrer med for stor fart til å kunne stoppe på kort varsel i det utvida skuleområdet. Born frå barneskulen og ungdomsskulen nyttar det utvida skuleområdet ved å gå mellom skulane og aktivitetane i Arena Ulstein. Området bør sikrast med fartsdumpar og skilting for å sikre dei mjuke trafikantane, i staden for å sette på busstrafikk! Skiltplan for området er vedteken i kommunestyret, men enno ikkje fullført. Forslag om fartsdumpar er levert politikarane, men enno ikkje gjennomført. Ved Geila kjem born og andre gåande rett ut i Gjerdegata. Der er ikkje skilta for gangfelt, slik at køyrande vert gjort merksame på faren ved passerende over gangfeltet!

Ser ein litt vidare på trafikale utfordringar på «byar» som Ulsteinvik, så er avgrensningar av billtrafikk og tilrettelegging for syklande og gåande i «bykjerna» framtidspolitikk! Dersom dette skal vurderast i samband med reguleringsplanen for sentrumsområdet som har vore ute til førstegongs høyring, så forventar vi at desse prinsippa vert overordna «bilen».

Ulstein har leig inn 2 konsulentselskap som skal vere med å skissere «framtidas Ulsteinvik». Klipp frå desse omhandlar mellom anna – sitat «Byen preges av gate- og veisystem som er generøse men lite byvennlige. Store, åpne parkeringsplasser forhindrer en tett og mer intim bysituasjon. Samtidig mangler det tilrettelagte gang- og sykkelveier som gjør det attraktivt å sykle å gå i Ulsteinvik».

Vidare heiter det i planane: «Hver aldersgruppe har sine behov. Et bysentrum tilpasset alle aldre er et mål».

La derfor det utvida skuleområdet frå Arena Ulstein og til og med Ungdomsskulen vere eit friområde for trygg ferdsel for borna. Ikkje legg opp til auka bil- og busstrafikk gjennom området Vikemyra/ Gjerdegata. Det samsvarer ikkje med prinsippa og intensjonane i byplanlegginga som no er til drøfting for «framtidas Ulsteinvik»!

Lesarbrev