Refleksjonar rundt arbeidsplassar, folkevekst og fråflytting

Lesarbrev

Folkevekst eller fråflytting har vanlegvis vore kobla opp mot tilgangen eller mangelen på varierte og nye arbeidsplassar i kommunane. Den store veksten i Ulstein kommune dei siste 20-30 åra fell stort sett saman med aukande aktivitet på verfta i Ulsteinvik. Men sjølv med stor nedbemanning i verftsindustrien i periodar har folketalet i kommunen auka nesten kvart år fram til i 2019 og 2020 då folketalet gjekk litt ned. Når verfta i periodar måtte redusere arbeidsstokken med fleire hundre personar, ser det ikkje ut til at det førte til stor fråflytting. Permiterte og oppsagde har funne seg arbeid i nye bedrifter eller har tatt initiativ til å skape nye arbeidsplassar i Ulstein eller i andre kommunar på Søre Sunnmøre. Årsaken til dette kan vere mange: Dei har bustad, familie og vener her. Dei trivst i Ulstein og dei ønskjer fortsatt å bu her.

Kva er grunnen til at folk trivst her?

Kommunen har kultur og fritidsaktivitetar for born og vaksne som dei fleste kan finne seg heime i. Stor aktivitet i fotball, handball, turn og friidrett. Du kan vere med i judo, karate og innebandy. Her er sykkelklubb, symjeklubb, dykkerklubb, klivrelag, speidaraktivitet og du kan vere med i Sørøyane røde kors. Bowling kan ein også drive i bowlinghallen. Seilforeninga har ei aktiv jollegruppe for barn og unge, og dei store seilbåtane seiler regatta kvar veke frå mai til oktober med unntak av i juli. I nabokommunane finn ein kajakklubb, turlag, golfbane, skytebane og gocartbane.. Her er fleire korps og kor både for barn og vaksne, storbandjazz og trekkspelklubb. Kommunen har ein aktiv ungdomsklubb og Ulstein kulturskule har eit svært variert tilbod. Revyaktivitet finn ein også dersom ein har slik interesse. Rotary og Ulstein sanitetsforening er begge svært aktive i kommunen og dei danseglade kan svinge seg i fleire danseklubbar i regionen. Her er også aktive sogelag og senioruniversitet og religiøse lag og foreningar.

Er ein glad i fritidsfiske er det kort veg til fiskeplassane både frå land og frå båt heile året med torskefiske om vinteren og laksefiske i sommarhalvåret for dei mest pasjonerte. Fjella i nærområdet er lett tilgjengelige for kortare eller lengre turar. Og eit nett av turvegar gjer at alle kan kome seg opp i høgda. Med Sunnmørsalpane berre en knapp times køyretur unna har ein tilgang på spektakulære fjellturar både sommar og vinter for dei som ønskjer det. Kort veg er det også til alpinanlegg og oppkøyrde langrennsløyper.

Kommunen har 5 fotballbaner og ein innandørs hall for fotball. Her er 2 hallar der ein kan spele handball og anlegg for friidrett både utandørs og innandørs. Turn vert dreven i ein privat hall og i den eine idrettshallen. Ulsteinvik arena i sentrum av Ulsteinvik har 25 meters symje- og badeanlegg, klatrevegg, idrettshall og eit moderne bibliotek. Sykkelklubben har laga ei variert sykkelbane for barn som er mykje brukt av dei yngste. I Ulstein er det 4 barneskolar og ein ungdomsskole. I tillegg har ein ei eiga avdeling for opplæring av flyktningar/asylsøkjarar og innvandrarar. Her er vidaregåande skole med idrettslinje og ein attraktiv folkehøgskole. I kommunen er det 8 barnehagar og ein korttidsbarnehage. Og det er ikkje ventetid på plass i barnehagane. I tillegg til vanleg skolefritidsordning (SFO) har ein også eigen idretts SFO knytt til Høddvoll stadion. Kommunen skorar høgt på dei sentrale utgreiingane for helse, omsorg og skoleteneste og på det siste kommunebarometeret vart Ulstein plassert nest best i landet.

Kommunen tok tak i sentrumutviklinga i Ulsteinvik for vel 20 år sidan og samarbeidet mellom kommune, fylke og private har skapt eit sentrumsområde som svært mange har gode opplevingar med. Frå eit par kafear og eit hotell i Varleite på 1990 talet finn ein i dag eit hotell i sentrum og 9 andre serveringsstader med varierte menyar og publikumstilnærming. I hotellbygget er det også kino og kulturhus. Samfunnshuset vart erstatta av Ulsteinvik arena, - eit bygg som vart prisbelønt i ei statleg vurdering. Småbåthamna og utbygging av Sjøsida der «lomma» med flytebrygger mot hotellet er attraktve stader å ligge for besøkande småbåtar og seilbåtar. Mange av dei som drar på tur med småbåtane sine, kombinerer ofte sjøturar med turar på fjellet når dei ligg i hamn nokre dagar. Det bør derfor vere god informasjon om turstiane i området ved desse bryggeplassane. Tilbod om leige av sykkel kan også føre til at båtfolket vert liggande i Ulsteinvik eit par dagar lengre enn dei først tenkte.

Er det andre årsaker for tilflytting enn tilgang på arbeidsplassar?

I ein artikkel i Aftenposten tidlegare i år var det ein reportasje frå ei mindre kommune i Nordland. I fleire år har kommunen hatt fråflytting. Arbeidsplassane vart borte til liks med folket, og rop om nye arbeidsplassar var fåfengt. Ei tilflytta kvinne vart ordførar og tok tak i utviklinga på ein annan måte. «Lat oss legge til rette for at folk kan bo og trivast i kommunen og bruke det i marknadsføringa vår. Kjem her folk vil dei også skape arbeidsplassar». Fråflyttinga har no stoppa opp, og siste året har 100 nye flytta til kommunen. Mange av desse er familiar med barn. Kommunen kan nok ikkje skilte med slike aktivitetar som ein kan finne i Ulstein, men dei har likevel vist til forhold som mange legg vekt på når dei har valt kommunen som bustad og der dei kan skape seg arbeid.

Kva kan Ulstein lære av Nordlandskommunen?

Det er fire spørsmål dei fleste tenkjer på dersom dei ønsker å busette seg ein stad:

• Kan eg finne meg eit arbeid som eg kan trivast med der?

• Er det i nærleiken av familien min?

• Kan eg få meg ein stad å bo der?

• Korleis er det for meg/familien min å bo der?

Eg trur dei fleste tenkjer mest på dei første to punkta. Eg finn meg arbeid og familien min bor der. Ordføraren i nordlandskommunen meinte at dei to siste punkta var vel så viktige og la vekt på desse i marknadsføringa av kommunen. Og ho fekk resultat! Tilflytting i staden for fråflytting. Og dei som valde å flytte dit tok enten med seg arbeidet sitt eller skapte nye arbeidsplassar der.

I ei tid der dei store arbeidsplassane i Ulstein har permitert eller sagt opp arbeidstakarar, og der arbeidssitusjonen framover er usikker, bør kommunen marknadsføre seg som nordlandskommunen:

• Kva har Ulstein som kan gjere det triveleg å bu her både for barn, ungdom, vaksne og eldre.

• Kva er her av bustader å leige for dei som ikkje vil kjøpe før dei flyttar hit, og er her bustader eller tomter til sals for dei som ønskjer å kjøpe seg ein stad å bu.

Kva har ein i Ulstein, og kva må ein prioritere annleis

Aktiviteten i kommunen og naturen i området er slik at det dei fleste kan finne aktivitetar som gjer at dei kan trivast her. Det er berre å finne ein måte å presentere dette på slik at potensielle tilflyttarar får god nok informasjon til å bli interessert i å flytte til ei middels stor kommune på Nordvestlandet. Her er ingen tropevarme, men utfarta til Flø ein skikkeleg styggeversdag viser at også det er ei oppleving i kvardagen. Og Osnessanden, Vollesanden, Roppesanden og sanden på Ulstein set folk stor pris på når sommaren «ligg utover landet». Det same gjeld muligheita til å finne seg ein usjenert stad i viker og holmar i skjergarden. Ei oppleving det ikkje er så lett å finne der varmen er ein flittigare gjest i sommerhalvåret.

Bustadpolitikken i kommunen er imidlertid neppe slik den bør vere dersom den skal brukast til å auke tilflyttinga. Mange familier med barn vel nok først å leige seg ein plass å bu når dei flyttar til ei ny kommune. Kommunen har få utleigebustader for familier med barn anna enn bustader til asylsøkjarar og flyktningar. I Høddvollområdet hadde kommunen mange slike bustader på 70 og 80 talet. Svært mange av dei som bodde der, har seinare bygd seg hus og er blitt verande i kommunen.

Dei siste åra er det bygd mange leilegheiter i sentrum. Desse er for sal, og lite eigna for andre enn einslege og familier utan barn. Sentrumsplanen for Ulsteinvik konkluderer med fortetting i sentrum med bustader i blokk og regulering som reduserer bilbruken til sentrum. Slike tiltak vil auke tilflyttinga av einslege og eldre og vere med på å flytte balansen i folketalet mot ei eldre befolkning. Her blir relativt sett færre familiar med barn.

I tillegg til leigebustader er det behov for tomter for småhus og einebustader både i krinsane og i nærleiken av sentrum. Kommunen har bra med slike tomter no, men med auka tilflytting vil det fort bli mangel. Det gjekk fort å bygge ut Onglasetra og området ovanfor Høddvoll. Og det tar tid å planlegge nye bustadområde!



Ein styrt reduksjon av bilar i sentrum er ikkje i tråd med ønskje om at Ulsteinvik skal utvikle seg til eit regionssenter. Kollektivtrafikken og avstandane på Søre Sunmøre er ikkje slik at det fell naturleg å bruke kollektivtrafikk eller sykkel når ein vil til Ulsteinvik.. Dei fleste som reiser hit for handel og andre gjeremål vil bruke eigen bil. Og tiltak som gjer bilbruk vanskelegare i sentrum, vil nokså sikkert svekke Ulsteinvik som regionssenter. Sentrumsplanlegging for folketette område rundt dei store byane med fortetting og redusert biltrafikk er ikkje noke ein kan bruke blåpapirkopi på i meir grisgrendte strøk i Norge. Men slike tankar om korleis eit sentrum bør vere er tydeleg det som gjeld for konsulentane i firma som vert brukt i planleggingssamanheng. Utkastet som kommunen fekk som plan for Ulsteinvik sentrum har vel så mange håplause forslag til tiltak at det er meir farga av «blåpapirplanlegging» enn av planlegging i forhold til kvar Ulsteinvik ligg, og korleis målsettinga for Ulstein og Ulsteinvik er.