Tak i akt bandtvangen!

Eg oppmodar alle som både er glade i å gå i fjellet og er opptekne av dyrevelferd om å halde hunden sin i band, skriv Ivar Mork i dette lesarbrevet.   Foto: Andreas Bjerknes/Illustrasjonsfoto

Lesarbrev

Det er gildt at så mange nyttar seg av utmarka og fjella våre til naturopplevingar som gjev kveik for både kropp og sinn. Det er mykje god folkehelse i det. Og det er like gildt at dei tek med seg hunden sin – i band. I den lokale forskrifta om bandtvang i Ulstein heiter det mellom anna:

1. Alle som eig eller sit inne med hund i Ulstein kommune, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerd i den tid og i dei område bufe beiter (kommunen si utheving).

2. Brot på denne forskrifta er straffbar.

Her eine dagen var eg under Blåtinden for å sjå til saueflokken. Ein stor, laus jakthund fòr forbi meg i råsa. Attom meg kom eigaren. Eg gjorde merksam på bandtvangen, og bad han ta hunden i band ettersom der var sauer i området. Eg fekk ein tirade med ukvemsord attende. Han gjorde som han ville, for han hadde kontroll på hunden sin, fekk eg fortalt.

Det er sjeldan at hundar skambit sauer, men om sauen berre vert jaga av ein leiken hund og spring i panikk, så kjem han ikkje langt før lungene kollapsar, og sauen døyr momentant. Me har mist fleire sauer og lam opp gjennom åra som utan tvil har vore jaga av hund. Det er lett å tru at ein har kontroll på hunden sin. Ja, heime i stova og i gata er nok det rett, men i marka kan jaktinstinktet vakne, og hunden sluttar å lystre.

Eg oppmodar alle som både er glade i å gå i fjellet og er opptekne av dyrevelferd om å halde hunden sin i band. Frå mi side er det nulltoleranse for brot på bandtvangen, og mannen med den lause jakthunden vil verte meld til politiet.