Lesarbrev:

Vi treng folkevalde som jobbar for heiltidsstillingar

Visste du at deltid kan gi høgre sjukefråvær, mindre kompetanseutvikling og dårlegare kvalitet på tenestene?

"Vi i Delta ønsker oss politikarar som ser verdien av den tilsette sin innsats og som satsar på heile stillingar. Det trengst eit krafttak som sørger for at ledige stillingar lysast ut som fulltid". Det skriv representantar for Delta Hareid i eit lesarbrev.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Lesarbrev

Framleis er to av tre tilsette i omsorgstenestene i deltidsstilling! Det er på tide at politikarane går frå erklæringar om heiltid til heiltid som speglar kvardag og verkelegheit. Å ha ei heiltidsstilling er viktig for å ha ei inntekt som ein kan leve av. Ei heil stilling gir tryggleik og føreseielegheit, og er dermed veldig viktig for kvar og ein av oss. Under koronapandemien har vi sett tydeleg at utfordringane ikkje berre rammar den tilsette sjølv, men også brukarane av offentlege tenester.

Deltidstilsette som ofte må jobbe ved ulike einingar innanfor helse- og omsorg, har risikert å ta med smitte frå ei eining til det neste. Det er meir krevjande å drive opplæring i smitteverns handtering, og å gi nødvendig kompetansepåfyll til tilsette som berre er på jobb ein prosentdel av ei arbeidsveke. Sjukefråveret vert større når tilsette i lita grad har tilknyting til arbeidsplassen. Ungdom er usikre på om helse- og omsorgsyrke er vegen å gå, når 25 prosent stilling er det du kan håpe på.

Alt dette veit vi mykje om og likevel vert det satsa i altfor lita grad å få på plass fleire heile stillingar. Vi i Delta ønsker oss politikarar som ser verdien av den tilsette sin innsats og som satsar på heile stillingar. Det trengst eit krafttak som sørger for at ledige stillingar lysast ut som fulltid.

Det trengst politikarar som kan følgje opp dei gode intensjonane frå Heiltidserklæringa, som partane i arbeidslivet har blitt einige om. Det er no vi må gå frå ord til handling. Det er også no det trengst politikarar som satsar på den tilsette og ser verdien av Heiltidskultur.

Delta er ein partipolitisk uavhengig arbeidstakarorganisasjon med medlemmar i offentleg tenesteyting. Eit viktig mål for oss er å bidra til eit konstruktivt arbeid, der vi får utvikling av gode offentlege tenester til det beste for brukarar, tilsette og samfunnet elles. Utan våre medlemmars innsats stoppar Norge opp.

Godt val!


For Delta Hareid,

Margrethe Longva, hovudtillitsvald

Lillian Grimstad, plasstillitsvalt sjukeheimen

Camilla Hjelmeseth, plasstillitsvalt heimesjukepleia

Monika N. Huszczo, plasstillitsvalt skjerma avdeling