Ambulant seksjon i Myrvåg

Lokalisering i Myrvåg har den beste plasseringa med tanke minst reisetid mot brukarane.

Lesarbrev

Arbeiderpartiet sine lokallag på ytre Søre Sunnmøre er svært uroa over planane om flytting av ambulant seksjon i Myrvåg til Volda.


Samla i Myrvåg

– Vil spare eit årsverk i køyring

Jo Volle, seksjonsleiar for DPS Sunnmøre, spår at ambulanseseksjonen for psykisk helse og rus, Søre Sunnmøre, vil spare eit årsverk i køyring no som dei er samlokaliserte i Myrvåg.


Prosess

Den ambulante seksjonen vart så seint som i 2017 etablert i Myrvåg med begrunning i sentral beliggenheit for heile Søre Sunnmøre og elles kunne ivareta fagmiljøet som var etablert på ytre søre Sunnmøre. Det må vidare understrekast at i mange år hadde helseforetaket ein langtidsseksjon på Larsnes som hadde opparbeidd solid fagkunnskap og eit nettverk av tilsette frå nærområdet. I 2020 vert det tydlegvis starta eit arbeid av administrasjonen i helseforetaket om ei samlokalisering av ambulant seksjon på Volda sjukehus. Ein er sterkt kritiske at det vert starta nye endringsprosessar utan at tilsette og involverte kommunar er tekne med eller er kjende med desse prosessane. Dei tilsette i ambulant seksjon på ytre søre Sunnmøre vert nok ein gong utsatt for store påkjenningar.


Aksepterer ikkje at Ambulant Team vert flytta frå Myrvåg til Volda

Ordførarane på ytre søre Sunnmøre er uroa for kvaliteten på psykiatritilbodet om Helseføretaket no skal flytte tilbodet frå ytre til indre.


Tilgang på fagkompetanse

Den ambulante seksjonen i Myrvåg består i all hovudsak av arbeidstakarar som tidlegare hadde sitt arbeidsforhold ved langtidsseksjonen på Larsnes og desse er busette på ytre søre Sunnmøre. Bemanninga består av 30 tilsette som har god fagkompetanse innan psykiatri og yter gode tenester for innbyggjarane på søre Sunnmøre. Fokuset på tilgang på av psykiater har hatt ei vektlegging som ikkje gjenspeiler fagmiljøet i si heilheit . Problemstillingar knytt til nok psykiaterarar er ei nasjonal utfordring og her må helseforetaket i Møre og Romsdal arbeide mykje meir målretta inn mot rekruttering av denne yrkesgruppa.

Helseforetak- styringsmodell

Helseforetaka som styringsmodell bør vidareutviklast i ei retning av tydeligare politisk styring og økt samarbeid med kommunane. Då vil involvering av berørte kommuner, tillitsvalgte i helsetenestene og pasient- og brukerorganisasjonane være viktige i endringsprosessar. Helseforetaka i Norge forvaltar vesentIege delar av landet sitt driftsbudsjett og den politiske styringa må forbetrast. Denne aktuelle prosessen har det vorte starta utan den nødvendige forankring av involverte kommunar og det er lokallaga på ytre søre Sunnmøre for Arbeiderpartiet sterkt kritiske til.



Statlege arbeidsplassar

Kommunane på ytre Søre Sunnmøre har eit folketall på ca 28 000,- og har få statlege arbeidsplassar og ein har særleg underskot på kvinnelege kompetansearbeidsplassar. Indre søre Sunnmøre (Ørsta/Volda) har eit innbyggartall på 21 300. Sett i forhold til innbyggjartall har denne regionen kome særleg dårleg ut når det gjeld lokalisering av denne typen arbeidsplassar. Pendling mot Ørsta/Volda regionen med ca 45 min arbeidsreise ein veg vil over tid være for langt til at mange pedler frå ytre søre Sunnmøre mot denne regionen. Eiksundsambandet med undersjøisk tunell er forholdsvis ofte stengd og kan medføre lang ventetid. Dette medfører igjen ustabilitet både for pasientbehandling og dei som har dette som arbeidsreise. Lokalisering i Myrvåg har den beste plasseringa med tanke minst reisetid mot brukarane.

Oppsummering

Arbeiderpartiet sine lokallag på ytre søre Sunnmøre bed på sterkaste at styret i helseforetaket oppretthalde ambulant seksjon i Myrvåg.