Dragsundbrua – mjuke trafikkantar

Ny bru er visst langt unna, så kvifor ikkje gjere brua trygg for alle? spør Arnljot Grimstad i dette lesarbrevet.  

Lesarbrev

For ei tid sidan kom eg køyrande nedover på Garnes mot Dragsundbrua. Vi var berre tre på vegen: Fremst ein syklist, så ein bil og eg. I lovleg fart nærma vi oss brua. Då syklisten var komen fire-fem meter opp på brua fekk bilen framfor meg opp farta og køyrde forbi syklisten! På brua! Bilen var heilt over i venstre køyrebane – utan å vite om der var møtande trafikk på andre sida. Takk og lov, der kom ikkje møtande bilar, bilen om seg forbi syklisten og halvvegs over i rett køyrebane på toppen av brua. Ein fæl manøver. Syklisten kom seg levande over. Då eg runda toppen av brua, møtte eg tre bilar i vanleg fart.


Brua er snart 70 år - meiner ho kan stå i minst 30 år til

I 1953 blei Dragsundbrua - som knyt saman store delar av Ytre Søre Sunnmøre - opna. Reint teknisk er det ingen grunn til at brua ikkje skal kunne stå til 100-årsjubileumet i 2053, skriv Vestlandsnytt.


Hadde to, eller fleire, bilar kollidert på brua under manøveren eg fortel om, hadde truleg syklisten mist livet. Det eg såg og opplevde var ikkje til å tru!

Eg tenkte då på eit framlegg eg skreiv om for mange år sidan: Gang– og sykkelveg, av aluminium, festa på utsida av brua. Det ville verte trygg veg for mjuke trafikkantar: gåande, barnevogntrillande og syklistar.

Dragsundbrua er så solid at ho kan stå i 50 år til, står det i avisa. Ny bru er visst langt unna, så kvifor ikkje gjere brua trygg for alle?