Ny og særdeles raus praksis frå Hareid kommune

Polarstar ligg til kai i Hareid.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Det er med undring eg les saksutgreiinga frå administrasjonen i Hareid kommune til formannskapsmøtet tysdag 11. oktober.



Det saka gjeld er kor vidt Sameiget Polarstar skal få dekt straumkostnader på vel 65.000 kroner fakturert i 2021, og dessutan om Polarstar også i framtida skal ha fri tilgang til straum og nettleige til ein verdi av omlag 90.000 kroner når skuta ligg fortøydd ved Polarstarkaia.

Det at skuta greier å bruke straum hovudsakleg for månadene november 2020 til mai 2021- dvs. 6-7 månader - for rundt 65.000 kroner, er ei bragd i seg sjølv. Dette er omlag tre til fire gonger straumforbruket til ei vanleg norsk hushaldning for eit heilt år. Administrasjonen har teke på seg spanderbuksa og seier ja til alt. Dette bør kommunale og såkalla private kulturinstitusjonar merke seg. Viss dette går gjennom, så bør Hareid kommune, med ein så rik og raus administrasjon, verte dynga ned av søknader om dekning av straumutgifter i åra frametter.

Det kan melde seg eit spørsmål: Kan privatpersonar også få dekt straumutgiftene sine, særleg dersom dei bur i ein såkalla verneverdig bustad?

Det må berre ha vore tomsnakk og ikkje naud når kommunen har kome med pålegg om å skjere ned, ofte heilt inn til beinet på primærtenestene.

Kjartan Snipsøyr