Slik svarer ordføraren

Knut Erik Engh synest innspelet frå Raudt Ulstein er veldig interessant, og vil gjerne ha ein debatt om utlån av biblioteket. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Hei Aina

Takk for innspelet ditt. Eg var ikkje kjend med at det vert praktisert på denne måten, men eg kan på mange måter forstå biblioteksjefen si haldning (både av omsyn til kapasitet for tilrettelegging og ønsket om at biblioteket skal vere ein nøytral arena). Likevel er eg levande oppteken av at demokratiet vårt skal få dei beste vilkåra, så eg synes at innspelet ditt er veldig interessant.


Åpent brev til kommunestyret i Ulstein fra Raudt Ulstein

Fikk NEI til å arrangere åpent debattmøte med stortingsrepresentant


No trur eg kanskje det blir for knapp tid til å få dette vedteke før 25. januar, sidan det må saksbehandlast på ein skikkeleg måte. Men eg skal sørge for at eposten din går som referatsak til kommunestyret no førstkomande torsdag, og så tek vi det derifrå.

Når det gjeld lån av møterom så er dykk hjartleg velkomne til å låne kommunestyresalen. Det er gratis, berre ta kontakt med servicetorget så ordnar det seg så sant den ikkje er booka endå.


Lukke til med arrangementet