Hareid kommune er sterkt kritisk til innsparingane og innsparingsforslaga som rammar helsetenestene på Sunnmøre. Vi går difor sterkt imot forslaget om reduksjon av talet på ambulansebilar på Ytre Søre Sunnmøre og flytting av ambulansetenesta frå Saunesmarka til Myrvåg.

Vi har i dag 2 ambulansar i døgndrift i Ulstein lokalisert i Saunesmarka, 1 ambulanse i Herøy lokalisert på Eggesbønes og 1 ambulanse i Sande lokalisert på Larsnes. Forslaget går ut på å redusere talet på bilar i døgndrift frå 4 til 3, og talet på bilar på natt frå 4 til 2 . I tillegg føreslår ein å samlokalisere alle ambulansane i eit nybygg i Myrvåg. Dette er drastiske tiltak og vil medføre ei betydeleg svekking av akuttberedskapen, auke belastninga på legetenestene våre og brannvernet vårt, og det er ikkje mogleg å nå alle innbyggjarane i Hareid kommune på mindre enn 25 minutt. I tillegg får ein stor risiko for samtidskonfliktar.

Noverande lokalisering er det beste for innbyggjarane våre. Ulempa ved samlokalisering vil også vere at det blir fleire ambulansearbeidarar å forholde seg til i det daglege for tenestene våre. Både brannvakta i Hareid og Ulstein og legevakta i Hareid og Ulstein har peika på dette . Det betyr at ein ikkje får øvd så mykje i lag med dei same personane og på den måten samkøyrd seg. Spesielt ved ulykker og akutte hendingar er det ein stor fordel at ein kjenner kvarandre godt og har øvd saman. Vi er også bekymra for ein kostnadsauke av husleiga.

Vi er sterkt bekymra for reduksjon av ressursar. Alle ambulansestasjonane rapporterer at det er auke i oppdrag frå år til år. I ein tidlegare rapport vart det peika på at ein på sikt bør auke prehospitale ressursar og ikkje redusere dei. Utgreiinga viser at kvar bil har over 1000 oppdrag i året og er i drift over 2000 timar . Ved reduksjon blir kvar bil ute på oppdrag i gjennomsnitt minst 8 timar om dagen med det behovet som er i dag. Dette fører til stor risiko for samtidskonfliktar og at vi ikkje har ledig ambulanse i nærleiken. Vi bur dessutan i eit sårbart område med undersjøisk tunnel til Volda sjukehus og ferje til Ålesund sjukehus. I dårleg ver, orkan og storm , vil luftambulansen vere utilgjengeleg. Vi trur at reduksjon i tilbodet vil føre til fleire klagesaker pga. faren for forseinka behandling ved sjukdommar som slag, hjarteinfarkt, akutte tilstandar hos barn, og ulykker.

Endring av turnusordning. Vi meiner endring av turnus vil medføre rekrutteringsvanskar. Både brann og legevakt er tydelege på at dei treng eit nært og godt samarbeid med ambulansetenesta for å gi innbyggjarane våre ei god akuttmedisinsk behandling tidleg i ein kritisk fase for å auke overleving og unngå langtidsskadar.

Føreslåtte tiltak i ROS-analysen. Tiltaka for å frigjere ambulansar bør uansett gjennomførast. Aktiv flåtestyring vert gjort alt i dag. Utskrivingsklare pasientar kjem f.eks. ofte svært seint på ettermiddag til sjukeheimen. Ein kan vanskeleg føresjå ei akutthending. Vi trur desse tiltaka vil ha minimal betyding og bør uansett gjennomførast .

Generelle tilbakemeldingar:

Hareid kommune meiner at nedbygging av ambulansetenesta på Søre Sunnmøre vil føre til dårlegare akuttmedisinske tenester i kommunen vår. Alle ambulansestasjonane som saka gjeld, rapporterer om auke i oppdrag og timar i aktivitet. Med den sentraliseringa som skjer i dag, vil det stadig bli behov for meir behandling prehospitalt. Vi ser at behovet for transport av pasientar mellom sjukehusa aukar pga. oppgåvefordeling, samordning og sommarstenging. Tidleg utskriving fører til at pasientane treng ambulanse ved utskriving til heim eller sjukeheim. Større legevakter gir også auka behov for ambulansetransport , vurderingar og akuttbehandling i ambulansen.. Det er alt i dag samtidskonfliktar, men det kjem ikkje fram av utgreiinga i kor stor grad dette er tilfelle pr. i dag. Dette meiner vi må utgreiast og leggast fram.

Ambulansane er den viktigaste delen i den akuttmedisinske kjeda prehospitalt og er av stor betyding for tryggleiken til helsetenestene og folk i distrikts-Noreg. Dette gjeld både i høva akutt sjukdom som hjerteinfarkt, luftvegsobstruksjon og slag, og ved akutte ulykker som drukning, trafikkulykker, brann, akutte alvorlege skader, arbeidsulykker, med meir. Her er responstid svært avgjerande for resultatet. Ei samordning til ein ambulansestasjon, vil auke responstida til arbeidsplassar og innbyggjarar i Hareid. I tillegg vil ei rotering av personellet føre til mindre kjennskap til kvarandre og mindre samøving. Lokale stasjonar gir derfor større stabilitet og betre samhandling med legevakta og brannvakta i Hareid og Ulstein. Ein reduksjon i talet på ambulansar i distriktet fører til fleire samtidskonfliktar og dårlegare akuttmedisinske tenester. Ein må også ta høgde for forventa klimaendringar som vil medføre press på helsetenesta .

Hovudårsaka til at helseføretaket foreslår desse endringane er at dei økonomiske rammene for helseføretaket er for tronge. I 2023 manglar Helse Møre og Romsdal 300 millionar. Hareid kommune ber difor om at storting og regjering sikrar at helseføretaket får auka rammer i ei tid der staten sine inntekter aukar kraftig.

Framlegget til reduksjon og samlokalisering av ambulansetenesta er uakseptabelt.

Med vennleg helsing

Bernt Brandal

Ordførar