«Hei, lenge sidan sist! Kva skal du finne på i haustferien då?»

«Nei, ingen store planar eigentleg …»

«Ikkje?? Det høyrest no heilt fantastisk ut! Her er det fullt køyr! Første del av veka skal vi ha huset fullt av familie, og siste helga tar eg og mannen ein etterlengta storbyferie saman med gode venner. Men du, eg må stikke, har sååå mykje å ordne. Men, eg tenkte på deg her ein dag. Vi må ta oss ein prat om ikkje så lenge, kos deg då, vi snakkast!» Akseptert aleinetid Dei fleste menneske gleder seg til helger, feriar og høgtidsdagar. Men – det finst også dei av oss som gruar seg til det andre ser fram til. Etter to år med pandemi, kor vi alle har blitt bedne om å halde avstand og fått innskrenka våre sosiale liv, har kanskje dei som er einsame følt seg mindre einsame. Det har vore akseptabelt å vere heime i helga, berre i selskap med seg sjølv og sosiale media.

Men så blei det lov å vere sosiale igjen. Det er lov å reise, og det er lov å møte menneske – mange menneske på ein gong. Derfor er tema for verdsdagen for psykisk helse 10. oktober i år spesielt viktig: «Vi treng kvarandre – løft blikket».

Einsemd og utanforskap

Å kjenne på einsemd og utanforskap når andre ferierer eller på anna vis kosar seg i kvarandre sitt selskap, vert ofte opplevd ekstra tungt. Så når nokon seier «Å nei, i år har jula berre ein raud dag,» er det mange der ute som i sitt stille sinn tenkjer «YES!!» For dei gruar seg til fridagar og feriar. Dagar og veker med lovpålagt fri kan vere lenge å gå og kjenne seg aleine. Arbeidsplassane er utilgjengelege og skulane stengt. Det er så mange fridagar etter kvarandre at ein ikkje greier å fylle dei med gjeremål som tar tankane vekk frå den vonde følelsen. Følelsen av einsemd og utanforskap. Følelsen av å ikkje høyre til, eller å ha nokon som bryr seg. Nye kriser gir bekymring Samstundes skaper mange nye kriser i verda nye bekymringar. I tillegg til pandemi, har vi fått krig, flyktning- og klimakriser nært innpå oss. Med slike rammer rundt kvardagen er det ekstra viktig at vi kjenner på fellesskap. At vi har nokon som ser oss og som stiller opp når kvardagen røyner ekstra på.

Grete Teigland Foto: pressefoto

Kommunane vil møte barn og unge

Barneombodet har besøkt store og små kommunar i arbeidet med rapporten «Kven skal eg snakka med no? – om psykisk helsehjelp i kommunane». Både ungdom og foreldre, tilsette og leiarar i oppvekst og helse fekk vere med i samtalen. Rapporten viste stort engasjement og vilje i kommunane til å legge til rette for gode oppvekstvilkår og å satse på den psykiske helsa til barn og unge. Fleire ungdommar fortalde at dei vart møtt av gode hjelparar som hadde sett behova deira og tatt seg tid til å bygge gode tillitsforhold. Kommunetilsette trekte fram at godt tverrfagleg arbeid, tilgjengelegheit og vilje til fleksibilitet bidrog til at ein møtte barna sine ulike behov. Alt dette er viktig for å få til eit godt helsetilbod til unge. Har ein også ei kommuneleiing som satsar på langsiktig arbeid, er ein på god veg til å lykkast. Trass mykje godt arbeid, er det urovekkjande at tilbodet også verkar sårbart og tilfeldig. Tilsette i kommunane fortel om mangel på gode rammer rundt arbeidet. Kapasiteten er pressa og det kan vere vanskeleg å rekruttere fagfolk.

Einsame eldre

Også fleire eldre slit med følelsen av å vere einsam og ikkje lenger høyre til. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 3 av 10 over 80 år kjenner på desse følelsane. Familie har flytta og venner fell frå. I kvalitetsreforma for eldre, «Leve heile livet», er eit av måla å bidra til større grad av fellesskap og aktivitet for denne delen av befolkninga. Frivillige og sosiale møteplassar I rapporten «Saman mot Utanforskap» frå NORCE blir det vist til at meiningsfulle sosiale møteplassar er viktige for å bygge nettverk, for å føle meistring og førebyggje utanforskap. Dagsenter for eldre, «Stikk ut saman», skateparkar, det lokale skyttarlaget og ungdomsklubbar er alle eksempel på møteplassar som kan motverke utanforskap. Om møteplassane i tillegg bidreg til å utvide vår forståing for andre menneske på tvers av generasjonar, kulturar, personlegdom, erfaringar og meiningar, vil det bidra til eit meir raust og robust samfunn.

Mange av desse tiltaka er det kommunen som står bak, andre blir drifta av frivillige organisasjonar og lag med og utan tilskot frå det offentlege. Regjeringa har sagt at dei vil styrke tilbodet innan psykisk helse over heile landet, og det er venta ein ny opptrappingsplan neste år. Likevel, utfordringane står i kø, og det offentlege er heilt avhengig av frivilligheita for å møte desse oppgåvene i framtida. Kva kan du og eg gjere? Derfor, la oss gå tilbake til starten på dette innlegget og sjå om det er noko vi som enkeltmenneske kan gjere – du og eg. Kan vi invitere med oss ein kollega på teater, ein nabo på Jazzklubben eller ein medelev på spelekveld? Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Arild Nyquist skriv: «Det er ikkje tanken som tel, fordi det er handling som gjeld. Du skjønar, snill er ikkje å sei: «Eg tenkte å ta med ei kake til deg frå byen.» Snill er å ta med kaka.» Så: Neste gong tanken slår deg om at du skulle ha ringt ein kollega eller gått innom ein nabo: Løft blikket og ikkje la det bli med tanken! Husk – vi treng kvarandre!

Ragnhild Naas Rådgjevar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Grete Teigland Direktør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal