Skrive av Kari Brandal, på vegne av styret i IL Hødd turn

1.mai publiserte NRK ein artikkel på sine nettsider som omhandla ei ukrainsk flyktningfamilie som er vart flytta frå Bærum til Ulsteinvik. Saka vart også tatt opp på Nyhetsmorgen på NRK måndag 2. mai, der to idrettsleiarar frå Bærum vart intervjua. Rask summert opp, handlar saka om ei familie som ønsker å flytte tilbake til Bærum, der dei først vart plassert etter ankomst til Noreg, med spesielt fokus på eitt av barna som har eit særskilt talent innan turnsporten.

La det ikkje herske nokon tvil: Kritikken i dette innlegget er på ingen måte retta mot den ukrainske familien som er involvert i denne saka. Kritikken er retta mot andre involverte partar, då spesielt NRK, sin fullstendige mangel på bakgrunnsjekk av faktaopplysningar som kjem fram både i nettartikkelen og i nyhendeinnslaget.

Artikkelen til NRK er skriven med kjensler i blekket. Den spelar på ei familie si reise frå krig, for så å bli plassert først på den eine så den andre staden i Noreg. Vi må gjerne ha sterke meiningar om UDI sitt system, men dessverre blir ikkje det bodskapen lesaren sit igjen med etter å lese artikkelen. Eg har dei siste dagane blitt kontakta av svært mange personar som ikkje kjenner seg igjen i korleis Ulsteinvik blir skildra, korkje som kommune, samfunn eller idrettsbygd.

For det første, så skildrar journalisten Ulsteinvik som ei bakevje av ei bygd der vi må ta til takke med to bensinstasjonar, eitt pol, éin kino og ei handfull butikkar. Innbyggjartalet er redusert til seks tusen, medan siste tal frå SSB viser over 8500 innbyggjarar i siste kvartal av 2021. Eg forstår at ein slingringsmonn på 2500 personar er lite i Bærum, men her bommar altså journalisten med meir enn 40 %, og i statistikken er det rekna som grovt. Eg er også uviss på standardmålet «ei handfull», men om vi skal tolke det bokstaveleg så kan vi vel vere einige om at Ulsteinvik innehar betydeleg meir enn fem butikkar. Dårleg faktasjekk her, altså, men eg kan leve med matematiske faktafeil, då innbyggjartal eller tal på bensinstasjonar fortel lite om oss som samfunn.

Faktum er derimot at Ulstein kommune er rekna som ei av Noregs beste kommunar å bu i, om ein baserer seg på Kommunal Rapport sitt kommunebarometer frå 2021. I konkurranse med alle landets kommunar hamna Ulstein på andreplass på bakgrunn av nøkkeltal frå tolv ulike sektorar, blant anna skule, pleie og omsorg, barnehage, sosialteneste og kultur, for nemne nokre. Om ein les NRK sin artikkel aleine, så vil dei færraste få inntrykk av at Ulsteinvik har meir å tilby enn fin utsikt.

Ulsteinsamfunnet har i høve flyktningstraumen frå Ukraina vist ei enorm givarglede og eit like stort engasjement. Sanitetsdamene og Røde Kors har organisert innsamling av kle, leiker og sportsutstyr i så stor monn at dei har gitt beskjed vi sosiale mediar at dei ikkje har kapasitet til å ta imot meir. Folk har stilt opp som aldri før for at menneske på flukt frå krig skal kjenne på glede og meining i sin nye kvardag. Rett skal vere rett, at folket her er snille blir absolutt nemnt i artikkelen, men dessverre blir dette overskygga av framstillinga av Ulsteinvik elles.

Journalistikken til NRK i denne saka er, slik eg opplever den, spekulativ, i beste fall ubalansert. Den utnyttar ei rørande historie om ei familie på flukt, og som ønsker eit idrettstilbod til sine barn, og lesaren sit igjen med ei kjensle av at det knappast finnes ein skjebne verre enn å ende opp i Ulsteinvik.

På riksrekkande TV blir det vidare uttalt at det ikkje finnast ein turntilbod i Ulstein. Det blir uttalt som fakta, og blir ikkje utfordra vidare. Igjen, så står faktasjekken til NRK sine journalistar til stryk. Eg kan leve med ein grov bom kva gjeld innbyggjartal i Ulstein, men som sportsleg ansvarleg i styret i IL Hødd turn blir eg mektig provosert av å aldri ha blitt kontakta av NRK i denne saka. Kva veit de om dialogen vi i idrettslaget har hatt med den aktuelle familien eller andre familiar i liknande situasjon? Kva veit de om at underteikna har vore involvert i denne saka sidan familien kom til kommunen? Absolutt ingenting, og meir skal de heller ikkje få innsikt i. Faktum er at vi respekterer at det er personar involvert i denne saka som mest sannsynleg ikkje har forstått nyansane i korleis saka har blitt framstilt, og vi set personvernet deira framfor behovet for å fortelje enda ei historie.

Det skal derimot ikkje stå usagt at IL Hødd turn er ei særs oppegåande turnforeining med omlag 340 medlemmar frå 3-18 år. Vi har gymnastar på nasjonalt nivå både i kvinneturn, herreturn og rytmisk gymnastikk. Vi har hatt jenter på landslag i begge greiner, og dette utan ein einaste fulltidstilset trenar. Vi har stor breidde, vi har gymnastar frå alle nærliggande kommunar, og vi har ventelister til fleire parti. Vi trenar i gymsalar, idrettshallar og i privat turnhall på Skeide. Vi har så stor aktivitet, at vi no har vakse ut av eksisterande fasilitetar, og får ein flunkande ny turnhall i løpet av 2022.

Å påstå at Ulsteinvik ikkje har turntilbod, er ikkje berre ein grov faktafeil, det er både historielaust og ei fornærming til alle som har lagt ned titusenvis av dugnadstimar i vår meir enn 40 år gamle klubbhistorie.

Idretten er fantastisk. Det er ein arena der sportens eigenart er språket, og ein kan møtes på tvers av kulturar. Idretten er ein inngangsport til integrering som vi som idrettsleiarar må ta på alvor. Det herskar ingen tvil om intensjonen til klubbane i Bærum som ønsker å ta vare på relasjonane dei har med den nemnte familien, og det står respekt av innsatsen som er lagt ned. Med engasjement kjem det derimot også ansvar, og det er mogleg å trå feil på ein sti med gode intensjonar, slik som i denne saka her. Det største ansvaret legg eg derimot på statskanalen sine journalistar sin sjenerande metodikk og manglande faktasjekk i saka. Dette er ikkje godt nok.

Eg er stolt av å bu i Ulstein. Eg er stolt av å vere ein del av eit samfunn som kastar alt dei har i hendene for å hjelpe folk i naud. Eg er stolt av alt vi får til her i ut i havgapet, ikkje berre for dei som er her mellombels, men også for dei som er født og oppvaksne her.

Og som ei siste faktaopplysning til NRK sine engasjerte journalistar, så har visst Ulstein klart å produsere ein olympisk meister i friidrett, og det i ei bygd med berre eitt vinmonopol.

-

Engasjert? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no