Er gevinsten verdt konsekvensane? Dette er i utgangspunktet eit Facebook innlegg publisert 14/12-22. I skrivande stund er det delt 129 gangar og responsen har vore enorm. Dette er heilt tydelig ei sak som engasjerer innbyggarar i heile distriktet.

Det var trist lesning i media for oss ved Føden i Volda 14/12-22. Vi står 17,8 faste jordmødre klare til å ta imot gravide og fødande i sommar, betre bemanna enn nokon gong. Dette tilseier at alle stillingar er besatt. Vi er med dette fem fleire jordmødre i arbeid enn sommaren 2022. Drifta 2023 er grunna dette, planlagt utan bruk av vikarbyrå. Argumentasjonen til adm dir Øyvind Bakke for sommarstenging av fødeavdelinga i Volda vedrørande bruk av vikarbyrå, fell derfor bort.

Vi stiller oss undrande til at fødeavdelinga i Ålesund, uten problem har kapasitet til å ta imot våre gravide og fødande i sommar, i tillegg til føde poliklinikk, øyeblikkelig hjelp, telefonar frå bekymra gravide, gynekologisk poliklinikk og øyeblikkelig hjelp, ultralyd poliklinikk/screeningundersøkelser, samstundes som dei skal avvikle ferie sjølve.

Vi har framleis til gode å sjå eit rekneskap over kva dei kjem til å spare på dette. Forrige gang dette vart utprøvd (i 2007) var rapporten nedslåande, og konsekvensane så negative for dei gravide og ansatte at det vart anbefalt å aldri gjenta det. Eit slikt vedtak vil få store ringverknader og føre til utryggheit , bekymring og eit uforutsigbart tilbud til kvinnene i vårt distrikt. I 2007 reiste 1/3 av dei fødande til Nordfjord, no er ikkje lenger dette eit alternativ.

Helsedirektoratet har sendt ut ekstern høring av utkast til ny nasjonal fagleg retningslinje for fødselsomsorg i Norge: «Helseforetakene skal sørge for at det organiseres en døgnkontinuerlig vaktberedskap, og en følgetjeneste for gravide og fødende med mer en 1,5 timers reise fra hjemmet til fødeinstitusjonen.» Denne vaktberedskapen vil gjelde svært mange av kvinnene i vårt distrikt. I 2007 vart det rapportert at HMR sparte 550 000kr på sommarstengninga. Kor mykje vert det då i 2023 dersom ein i tillegg skal ha døgnvaktberedskap og følgetjeneste med jordmor? Korleis skal ambulansetjenesten kompensere då dei fødande vil ta mykje av kapasiteten til følgetjeneste? Og korleis skal kommunehelsetjenesten forberede det auka trykket frå bekymra gravide og nybakte mødre midt i fellesferien? Er dette virkelig verdt det?

Eg berre spør.

Mvh Ragnhild Brautaset, tillitsvalgt NSF Jordmorforbundet Fødeavdelinga i Volda