Olivia Ringstad Nesset

Som tilflyttar er eg både skuffa og ikkje. Eg er skuffa over ordføraren som gjekk til valg på at skulane skulle få bli, og gjer det stikk motsatte. Eg er skuffa over at bygdene blir nedprioriterte, og at nærmiljøet til både vaksne og born som er busette her vil bli tatt vekk i frå oss. Det eg ikkje er skuffa over er samhaldet i bygda, den fantastiske barnehagen vi har her, korpset, idrettslaget, grendahuset, naturen rundt oss og ikkje minst skulen!

Både sambuaren min og eg er begge tilflyttarar til både kommuna og Haddal krins. Han er i frå Leikong og eg i frå Hareid. Då huset vart kjøpt vart det sett etter ein plass der ein kunne vere for seg sjølv, men samtidig sentralt og nært familie. Her var også skule og barnehage, noko som eigentleg avgjorde det. Vi elskar å bu her, vi stortrivast og det gjer gutane våre også. Ordføraren er hjartleg velkomen på besøk, så skal han for sjå kor flott vi har det, og kvifor vi kjempar med nebb og klør for å få behalde skulen vår!

Det å leve med trugslar om nedlegging av Haddal skule fleire gongar i året, i fleire år tek på. Det tek på kroppen, og det tek på psyka. Det tek på for oss vaksne, men ikkje minst så tek det på for borna våre også. Borna våre som har levd store delar av barndommen sin med desse trugslane. Korleis trur dykk den psykiske helsa blir påverka, når ein konstant skal gå opp i slike påkjenningar? Og usikkerheita rundt framtida kring skulen, venane og nærmiljøet sitt?

Psykisk helse er noko som børr stå meir i fokus. For kva skjer med den psykiske helsa til borna våre når dei ikkje får gå i klasse saman med vennane sine, fordi dei vil bli splitta på forskjellege skular, fordi nokon vel Møre barne- og ungdomsskule istadenfor? Kva skjer med den psykiske helsa til borna våre når dei har 7 timers skuledag frå dei forlet døra heime til dei er heime igjen? Og det er kun pga. lang skuleveg utan SFO! Kva skjer med den psykiske helsa til borna våre når det trygge og gode nærmiljøet dei har, blir revet vekk i frå dei?

Vi må hugse på at det er borna som er framtida vår! Det er dei som skal ta over etter oss å ta vare på oss når vi blir gamle. Det er dei som no skal opp, fram og ut i verda, og det kan vi ikkje gløyme! Difor er det så utruleg viktig og setje borna, den psykiske helsa, nærmiljøet og tryggleiken deira så fremst i køa som overhodet mogleg.

For det er dei som dessverre må ta konsekvensane om dykk vel å leggje ned Haddal skule.

Som det kom fram i rapporten viser det at elevane er svært fornøgde med skulen slik den er i dag. Borna trivast i det trygge og gode nærmiljøet dei har. Om skulen blir nedlagt vil borna måtte skape nye relasjonar og venskap i eit stort, ukjent og utrygt miljø. Eit miljø dei ikkje vil ha noko til felles med på fritida si eller kring bustaden sin. Det vil også vere vanskeleg for borna å kunne styrke dette nye miljøet i andre samanhengar enn i skuletida, grunna lang veg og knapp tid etter skule/buss/SFO. Det vil ikkje bli tid til overs for borna heller, då dei skal pendle denne lange vegen, samt gjere lekser, ete middag og ikkje minst slappe av etter at dei har kome heim frå skulen.

Borna har også rett til tilsyn av ein vaksen, både før skulen startar og etter skuletida medan dei ventar på skulebussen heim. For elevar som må byte buss undervegs, har dei også rett til tilsyn på skulebussen og ved byte av skulebuss. Dei har altså rett til å ha med seg ein vaksen i skulebussen, både morgon og ettermiddag. Dette er det kommuna som må ordne og betale for. Og dette er det mange elevar som kjem til å ha høve til, dermed vil det også bli ei ekstra utgift og ordning som kommuna må stå i. Kanskje kommuna må byrje å tilsette fleire vaksne av heile greia?

Men så undrar eg på, kor lenge meiner dykk at det er høveleg for små born å vente på skuleskyss? Kor lenge hadde du sjølv orka å venta kvar dag? Det at borna skal måtte bruke fritida si på å vente å på den lange bussturen heim, er tid som dei kunne brukt til å gjere lekser/leike med venar/fritidsaktivitetar ol. om dei hadde fått gått på sin opphavelege skule!

Synast dokke at det er greit at min son på 6 år skal gå ut ytterdøra vår her heime kl. 07:20, ta minibussen ned til Haddal skule, vente der utandørs og åleine i alt slags vêr og vind, for så å ta ein ny buss saman med store ungdomsskuleelevar som han er redd? Allereie før skulen har starta har han våre ute av huset i over 1 time, sliten, redd og trøtt. For så å skulle sitje inne i eit klasserom fylt med elevar og bråk, der han er nøydd til å sitje stille fordi han elles vil forstyrre undervisninga? Det heng ikkje på greip at eit lite barn skal ha det slik kvar dag. Vi har ein skule, ein godt velfungerande skule. Lat oss få bruke den!

Ein kunne ha funne mange andre måtar å spare inn desse 4 millionane som skal innsparast på. Ein kan for eksempel ha ein rektor for Haddal og Ulstein barneskule. Ein kan seie opp ein til to lærarar, og ein kan absolutt drifte det betre når det kjem til lønnsutgifter (vikar for vikaren ol.). Eg undrar også på kvar pengane som kommuna får per elev i frå staten blir brukte!

Så er det dette med eigedomskatten. Kvifor må vi i utkanten av sentrum betale like mykje som dei som bur i sentrum? Kvifor skal kommuna sponse sentrum men ikkje her? Er ikkje vi ein del av fellesskapet? Høyrer vi ikkje til? Her er alt gjort på dugnad og innsamlingar. Då er det på sin plass at dei som bur i sentrum må byrje å betale meir i eigedomskatt, slik at vi får behalde skulen vår. Det er vår tur no! For det har våre sentrum sin tur i alle år, men no må vi også få bli ein del av fellesskapet.

Og så ein siste ting. Dersom skulen blir lagt ned, så vil grendahuset også forsvinne. Og dersom grendahuset forsvinn, har vi ikkje noko samlingspunkt i bygda vår lenger. Kvar skal vi feire 17. mai? Kvar skal vi arrangere musikkaféar, juletrefestar, haustmesse ol?