Knut Arne Høyvik, Haddal

I eit innlegg i VV 15. mars skriv ordførar Knut Erik Engh blant anna, sitat:

«Dersom vi legg til grunn dagens barnetal og framskriv dei, vil vi sjå at vi vil ha 250 færre barn i grunnskulealder i 2027, samanlikna med det vi hadde i 2015. Dette er dramatisk og må få konsekvensar, og det hastar å gjere noko»

Ordføraren har heilt rett i at dette er ein dramatisk prognose – men er den rett?

Når ein ser på folketalsutviklinga er det rett at den har vore negativ frå 2017-2020.

På desse fire åra flytta 284 fleire personar frå Ulstein, enn som flytta til. (KS Rapporten side 23).

Ser ein på fødselsoverskotet frå 2017- 2020 er det positivt med 182 personar i pluss. (SSB)

Dersom ein ukritisk framskriv dei høgaste fråflyttingstala får ein sjølvsagt ei negativ kurve.

Men då føreset ein at Ulstein skal vere ei fråflyttingskommune i fleire år framover, så pessimistiske kan vi vel ikkje vere, og ikkje er det særleg realistisk heller.

Talet på fødde i kommunen gir ein peikepinn på utviklinga i elevtalet dei neste åra.

Når eg går inn på Statistisk sentralbyrå og finn tala på fødde i Ulstein i perioden 2009 - 2020 viser det ikkje ei negativ utvikling.

Dei som er 13 år i år, er fødde i 2009 og skal ut av barneskulen i år. Dei som er fødde i 2014 skal ut av barneskulen i 2027. I denne perioden 2009 - 2014, vart det fødde 559 born i Ulstein.

Dersom talet til ordføraren er rette, skulle vi ha sett ein nedgang i talet på fødde frå 2015. og framover.

Men slik er det ikkje, frå 2015 - 2020 vart det fødde 554 born i Ulstein, ein heilt marginal nedgang frå perioden før.

Eg kan legge til at det i 2021 vart fødde 109 born i Ulstein, det høgste talet sidan 2005.

Mitt spørsmål er difor enkelt:

Korleis kjem ordføraren fram til at det vert 250 færre born i grunnskulealder i 2027, samanlikna med 2015? Kva tal byggjer prognosen eller reknestykket på? Eg reknar med at ordføraren både kan og vil svare, sidan dette er ein viktig premiss for debatten vidare.