Dette seier Helseplattformen sjølv om kva som er målet:

«Helseplattformen skal innføre felles elektronisk pasientjournal for hele helsetjenesten i Midt-Norge, det vil si helseforetak, kommuner, fastleger og private aktører. Målet er en mer sammenhengende helsetjeneste for pasienter og ansatte i hele regionen.

Gjennom Helseplattformen er Midt-Norge regional utprøvingsarena for det nasjonale målbildet «Én innbygger - én journal».»

Det er stor semje i alle politiske parti om at dette er ei god målsetting. ,

Vi treng ein journal som kommuniserer med alle viktige helseaktørar. Dermed slepp vi å fortelje livshistoria vår kvar gong vi skiftar lege , sjukehus , kiropraktor eller fysioterapeut.

Helseplattforma er eit tiltak som gjeld Trøndelag og Møre og Romsdal. Lukkast ein, er det meininga at heile Noreg skal nytte det same systemet.

Kvifor er ikkje dette eit statleg ansvar med tanke på gjennomføring og økonomi?

Helseplattforma har møtt sterk motstand ved innføringa i Trondheim melder NRK. 42 legar ved legevakta i Trondheim kallar den eit « makkverk».

95 intensivsjukepleiarar ved St. Olavs går imot at journalsystemet vert innført ved sjukehuset. Dei hevdar at færre pasientar vil få behandling og ventelistene vil auke.

I møtet i levekårsutvalet foreslo Folkelista i lys av dette, å vente med vedtak om Helseplattforma til budsjetthandsaminga for 2023.

I innstillinga frå kommunedirektøren får vi opplyst at Hareid kommune får ein eingongskostnad på om lag 15 millionar og at årlege driftskostnadar aukar frå 500.000 kr til ein knapp million. Det er og utgreia kva alternativ som finst. Konklusjonen er at det er vanskeleg å unngå å slutte seg til Helseplattforma.

Vi i Folkelista håper å få med oss fleire i sjustjerna på å utsetje tilslutning til forprosjektet av Helseplattforma. Ved å nytte retten vår til å vente så lenge som råd er, vil vi ha eit betre grunnlag for å gjere eit godt vedtak som ikkje rammar velferdstilbodet vårt i kommunen.

Folkelista for Hareid kommune

Einar Måseide.