Hareid kommune skal på nytt handsame spørsmålet om ein skal slutte seg til Helseplattformen. Politikarane har tidlegare sagt nei, men administrasjonen rår no til at dei skal seie ja. Eg trur politikarane i Hareid gjer klokast i å halde på sitt standpunkt. Systemet er satt i drift på legevakt og nokre legekontor i Trondheim og skal no innførast på St Olavs hospital. I ein fellesuttale frå dei tillitsvalde i legeforeninga i Sør Trøndelag står det mellom anna:

"Legevakt og fastleger på Øya som allerede har innført Helseplattformen har store problemer og effektiviteten er betydelig redusert. De står daglig i situasjoner som utfordrer pasientsikkerheten.

...

Bekymringene går både på kvaliteten i løsningen samt opplæring og tid til egentrening. Den største bekymringen er imidlertid det som omhandler konsekvenser for pasientsikkerhet og kvalitet i utredning, behandling og dokumentasjon"

Det å skifte journalsystem er eit kjempeløft administrativt og opplæringsmessig som omfatter alle tilsette. Det å skifte til eit umodent system med tregheit og feil, krev i tillegg masse tilbakemeldingar til journalleverandør, feilrettingar og informasjon i organisasjonen om endringar underveis. Ein skal tenke seg godt om før ein påfører dei tilsette i omsorgstenestene dette arbeidet.

Mitt råd er å behalde eksisterande journalsystem, krevje naudsynte oppgraderingar etter kvart, og vurdere Helseplattformen på nytt om nokre år når ein har sett korleis det fungerer i kommuner som har brukt det ei stund.

Ottar Grimstad pensjonert lege