Møre og Romsdal eksporterte varer for om lag 68 milliardar kroner utanom olje og gass i 2017. Fylket ligger på fjerde plass på eksport utanom olje og gass i heile landet, bak Oslo, Hordaland og Rogaland. Men det er Møre og Romsdal som eksporterte mest utanom olje og gass per sysselsett i næringslivet dette året. Samtidig er det vårt fylke som blir ramma hardast av kutta i samferdselstilboda.

Kvifor er det slik at vi ikkje tek vare på samfunnet rundt det som gjev den norske staten desidert mest eksportinntekter?

Vi er stolte av øyane og dei fantastiske fjordane vi har her på Vestlandet, men dette fører også til kommunikasjons-vanskar for fylket, ettersom store delar av busetjinga i fylket er på øyar. Det er dermed eit stort behov for båt og ferje her i Møre og Romsdal. Ferjedrifta er allereie underfinansiert frå staten med over 200 millionar kroner. Dermed råkar dei ytterlegare kutta endå fleire enn det allereie gjorde.

Dei store byane i fylket: Ålesund, Molde og Kristiansund er hamnebyar, òg fleire vidaregåande skular er plasserte i desse byane. Kutta i ferjedrifta har difor ikkje berre råka næringslivet, men også fleire unge som kjenner på det at er vanskelegare å kome seg til og i frå byen, grunna samferdselskutta.

Unge i Noreg bør vel ha moglegheita til å ta den vidaregåande opplæringa som dei ynskjer, utan at dette skal gå utover store delar av si eiga fritid?

Fleire av dei linjene med kreative fag og yrkesfag er i desse store byane. Desse linjene er tilbod som vi ikkje kan tilby her. Då bør det leggjast til rette for at dei kan reise over fjorden for å få den vidaregåande opplæringa som dei ynskjer. Det knytast også band og dannast vennskap med folk frå andre stadar enn der ein sjølv kjem i frå. Men dei unge har ikkje eit godt nok tilbod for å møtast, grunna det dårlege samferdselstilbodet. Store delar av kvardagen til dei frå bygder som vel å ta ei vidaregåande opplæring i Ålesund, må vente på buss, ferje og/eller hurtigbåt. Det er fleire unge som meiner at dei gjerne betaler ein viss sum per ferjeavgang enn å ikkje ha eit tilstrekkeleg rutetilbod.

Eg meiner at vi må leggje til rette for at næringslivet kan vekse og utvikle seg vidare, slik at vi kan få ei meir berekraftig framtid. Vidare meiner eg at unge ikkje bør bli «straffa» for at dei vel ei vidaregåande opplæring som dei meiner er riktig for dei, uansett om dei må krysse fjorden for det.

Eg vil difor at dokker stortingspolitikarar skal sjå realiteten av kor mykje samferdselskutta påverkar alle delar av samfunnet, òg vidare vil eg be dokker om å evaluere samferdsels-kutta på nytt og finne ei langt betre og meir fornuftig løysning enn dette.

Pravin Selva

Leiar for Ungdomsrådet i Hareid og medlem av Folkelista for Hareid Kommune