Skrive av Tom Anders Stenbro, distriktsleiar, Kreftforeningen i Midt-Norge

Kreftforeningen får ofte tilbakemelding frå kreftpasientar at dei føler seg aleine og overlatt til seg sjølv når dei kjem heim frå sjukehuset og er ferdig med behandlinga. Dei sit igjen med mange og store spørsmål. Kva gjer eg no? Kven kan hjelpe meg? Kva rettar har eg? Kven kan hjelpe i møtet med NAV? Treng eg fysioterapi? Kan eg få gode ernæringsråd eller hjelp til trening nokon stad?

Etter å ha mottatt kanskje verdas beste kreftbehandling, er det ingen automatikk i at nokon får ansvaret for å følge opp korleis det går med deg når du kjem heim. Kreftsjukdom påverkar heile mennesket og dei som står rundt. Det er ikkje alltid like lett å komme tilbake til livet slik det var. På grunn av seinskadar og følger av kreftbehandlinga kan arbeidsoppgåvene kjennest vanskelegare og kvardagen tyngre.

Slik skal det ikkje vere! Pakkeforløp hjem blei innført av regjeringa ved årsskiftet, og skal gjere vegen tilbake til kvardagen meir forutsigbar og enklare for kreftpasientar.

Oppgåva til Hareid og Ulstein, og alle andre kommunar, er eigentleg ganske enkel; no skal alle kreftpasientar som er busett i kommunen, og ferdig med sjukehusbehandling, følges opp. Kommunen skal invitere pasienten til ein samtale, kartlegge kva behov pasienten har – og gi svar på korleis kommunen saman med pasienten best kan imøtekomme behova.

Nokre oppgåver skal kommunen løyse, andre tilbod kan frivillige organisasjonar bistå med. I både Hareid og Ulstein er kreftkoordinator eit sentralt tilbod for kreftpasientar. Rettshjelp frå Kreftforeningen eller digital rettleiing frå ernæringsfysiolog på Vardesenteret ernæringsfysiolog er eksempel på tilbod som er gratis, både for kommune og pasient.

Pakkeforløp hjem skal gi ei systematisk og individuelt tilpassa oppfølging av kreftpasientar sine ulike behov. Dette vil gi ei betre kreftomsorg og auka tryggleik for pasientar og pårørande. Sjukefråveret kan reduserast og fleire kan stå i jobb eller meistre eigen sjukdom i alderdommen.

Kommunane på Hareidlandet gjer mykje bra innan kreftomsorg allereie. No forventar vi at Hareid og Ulstein kommune følger opp Pakkeforløp hjem. Her har både politikarar og helse- og omsorgstenesta eit stort ansvar slik at det ikkje lenger er tilfeldig kven som får hjelp.

-

Engasjert? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no