Av Lisa Mari Breivik Anderson, Ulstein Senterparti

Mange er frustrerte over dei stadige omkampane som kjem når det gjeld skulestruktur i Ulstein kommune. Dei siste åra har det vore tradisjon å ta opp igjen denne saka kvart år, og i det siste to gongar i året. Det er utruleg slitande for dei det gjeld. Og det er tungt for oss som folkevalde, som må kjempe igjen og igjen, med dei same argumenta, og føle at vi snakkar til ein vegg. Ulstein Kommunestyre gjorde 17.juni 2021 eit vedtak om at vi ikkje skal legge ned skular i denne perioden. Slik eg tolkar det då, er at administrasjonen ikkje kan ta opp igjen saka om nedlegging eller endring i skulestrukturen elles, før etter kommunevalet hausten 2023. I det same møtet vedtok fleirtalet å få laga ein rapport som viste alle sidene ved å behalde fire barneskular, eller legge ned. Denne rapporten er veldig detaljert rundt negative økonomiske konsekvensar ved å behalde skulestrukturen, men eg synes den er lite nyansert når det gjeld positive sider ved å halde fram som i dag. Både økonomiske og sosiale. Verdien av ein skule i ei bygd kan ikkje berre målast i kroner.

Vi har lenge snakka om å snu trenden. Mange snakkar om at der er ein trend som viser at ‘alle’ vil flytte til meir sentrale områder, ‘ingen’ vil bu i distrikta. Framskrivingar av barnetal viser at barnetalet kjem til å gå ned i krinsane i Ulstein, men det vil stige i sentrum. Kvifor trur vi det? Å stadig true med å legge ned skular, skaper ein sjølvoppfyllande profeti. Kven vil satse alt og flytte til (eller tilbake til) Haddal, Eiksund, Garnes, Flø, Skeide og Ulstein dersom dei er usikre på framtida til skulen? Dette er ein villa politikk som vi kan snu om der er politisk vilje bak.

Difor bad eg om ei sak til Kommunestyret som skulle handle om bulyst. Dette fordi det er viktig at vi diskuterer kva som skal til for at folk som allereie bur i kommunen trivast, og kva som skal til for at fleire flyttar hit. Sjølvsagt er det slik at vi kan drive med marknadsføring for tilflytting til Ulstein så mykje vi vil, men husk at det er vi som allereie bur her som er dei viktigaste ambassadørane for tilflytting. Dersom vi trivast, seier vi dette til andre. Her er det så flott (og det er det faktisk også), kom og bo her i Ulstein kommune saman med oss! No vart det dessverre slik at administrasjonen gløymde at temaet for stormøtet i kommunestyret i mars i år skulle handle om nettopp bulyst, vedtak frå Formannskapet i september 2021. Men lat dei ikkje gløyme vedtaket som vart gjort i kommunestyret i juni 2021: «Haddal skule og Ulstein skule må ikkje leggast ned i denne perioden». Dette var eit tilleggspunkt frå SV som heldigvis fekk fleirtal.

Eg er sikker på at dersom vi gjer eit vedtak som seier at vi skal drive skulane så lenge der er elevgrunnlag (talfesta elevtal), vil folketalet gå kraftig opp, og både skulane og bygdene vil blomstre! Eg vil rose engasjementet i denne saka, de er utrulig dyktige som står på for bygdene og skulane. Vi er mange som støttar dykk!