Skjeller du ut barn og unge som driv med idrett? Står du på tribuna, eller på sidelinja, og roper ord ein aldri hadde sagt elles til dei ute på bana? «Nei», seier du kanskje. Likevel er sjansen stor for at du gjer, har gjort eller vil gjere nettopp dette.

I Norge har vi eit fokus på å alltid ha ein positiv energi når det kjem til barne- og ungdomsidrett. Det viktigaste er å ha det kjekt. Oppmuntre i både medgang og motgang. Vere ein god lagspelar. Det handlar om å delta, ikkje om å vinne. Desse verdiane er svært viktige. Sjølv meiner eg dei er oppskrifta på å bli ein sterk og god idrettsnasjon: noko Norge er. Uheldigvis har vi ein tendens til å gløyme desse verdiane fullstendig av og til. Som regel når det er dommaren som kjem inn i bildet.

Eg veit at folk er forskjellige, og eg skjærer ikkje alle over ein kam, men eg trur vi alle kjenner fleire som ikkje behandlar dommarar med den respekten dei skal ha. Og kanskje du sjølv har blitt litt for engasjert og sagt ting du burde halde deg for god for. Uheldigvis har eg ikkje kunnskap om nokon konkret statistikk med mengden hets og kommentarar dommarar får, men eg veit at det er for mykje. Eg har erfart det sjølv, og eg har høyrt om mange andre som har erfart det. I tillegg er det berre å sjå på den vaksande dommarmangelen vi har i for eksempel handballen og fotballen. Den dommarmangelen skyldast nok mange faktorar, men eg mistenker at hets og kommentarar er ein av dei viktigaste. Og dømminga blir ikkje betre av at ungdom må dømme over sitt nivå eller aleine, fordi trenarar og tilskodarar stadig skremmer vekk dommarar.

I tillegg vil hets og kommentarar gjer jobben vanskelegare for dei dommarane som ikkje sluttar. Dette kjem kanskje som et svært sjokk for mange av dokke, men ein dømmer ikkje betre når trenarar og tilskodarar ropar hål i hovudet på ein. Faktisk so dømmer ein verre. Og det er uheldigvis slik at ein dårleg dommaravgjerelse framleis er ein rett dommaravgjerelse. Dommaren alltid har rett, uavhengig av kor mykje tid og energi du brukar på å hevde det motsette. Dømt er dømt, og eg kan love dokke at dommaren ikkje endrar på ein avgjersle etter at du har sagt ditt. Om den g10-kampen faktisk er so viktig for deg, og du er opptatt av alt dømmast rett: fokuser på noko anna enn dommaravgjerelsane. Og om du vil ha ein dommar på den j12-kampen, ikkje rop ting til ungdommen som dømmer den laurdagsmorgonen.

Det finst ein gruppe som stort sett er førebilete når det gjeld samhandlingar med dommaren: spelarane. Ut frå egne opplevingar er spelarar ofte veldig flinke på å fokusere på seg sjølv og spelet heller enn dommaren. Her har dei fleste vaksne mykje å lære. Eg vil også rose tilskodarar som står opp for dommaren, og trenarar som fokuserar på spelet og ikkje dømminga. Dokke er førebilete! Og til dokke som ikkje gjer dette: meld deg på eit dommarkurs og døm den kampen sjølv: Da hjelper du på dommarmangelen samtidig som det blir ein mindre på sidelinja som kjeftar!

Engasjert? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no