Vi er no vitne til eit massivt angrep på helsetenestene våre. Resultatet er dårlegare eller manglande helsehjelp, større press på dei kommunale tenestene og overføring av ansvar og tenesteyting til heimane og til dei fortvila og nedslitne pårørande. Mindre kvalitet og inga innsparing - Staten og helseføretaket sparar og kommunen og innbyggarane tek rekninga.

Helseminister Ingvild Kjerkhol ber helsesektorane sjå på kva dei kan gjere mindre av. Ho ber i klartekst om at tenestene til innbyggarane vert reduserte. Uttalen seier i seg sjølv nok, men må også sjåast i samanheng med at til dømes Helse Møre og Romsdal allereie manglar 300 mill. for inneverande år.

Angrep er skjeldan demokratiske. Vert det teke omsyn til Helseføretaket sitt behov, høyringsinnspel frå kommunane, fagfolka - dei tilsette, innbyggarane, lovpålagd helsehjelp? Er Hurdalsplattforma berre fagre ord? Det verkar som om kutta er fordelt prosentvis utan vurdering av lovnadar, behov og konsekvens. Dei rammar dei svakaste og der det er mest krevjande for kommunane å yte forsvarleg helsehjelp. Tilgang til spesialkompetanse er eit avgjerande og naudsynt supplement til kommunane sitt hjelpeapparat.

Hos oss er det flytting og reduksjon av rehabiliteringa på Mork, flytting av ambulant team i Myrvåg, reduksjon av fødetilbodet i Volda, reduksjon på alderspsykiatrisk sengepost i Ålesund, nedbygging av prehospitale (samordning og sentralisering av ambulansetenestene) tenester. Andre stadar i landet er det tilsvarande tenestenedbygging.

Innsparingane er forkledde som utfordringar knytt til rekruttering og samordning. Genialt komponert slik at kommunar og regionar vert sette opp mot kvarandre og fort kan falle i fella deira - prioritere det som er viktigast lokalt i den einskilde kommune. Det må vi ikkje gjere - for då har vi tapt. Vi må stå saman og kjempe for tilbodet til innbyggarane våre, for økonomien til kommunane våre og for offentlege arbeidsplassar.

Kommunane er under konstant press – det er stadig fleire oppgåver som skal løysast med mindre pengar. Staten har lenge sett at kommunane er dei beste til å løyse oppgåver godt – sjølv utan pengar. Når helseføretaket no nok ein gong skal spare, ja då nyttar dei same oppskrifta. Reduser og sentraliser. Kommunane får ta utfordringane og rekninga.

Det er vi i kommunen som tek dei samfunnsmessige-, helsemessige- og økonomiske kostnadene for staten og Helseføretaket si innsparing og sentralisering. Slik er det kvar gong – staten og Helseføretaket sentraliserer, omorganiserer og kuttar – og vi i kommunane tek rekninga både økonomisk og i form av misnøgde innbyggarar som får dårlegare tenester.

Slik det er lagt opp no skal kvar einaste sjukeheim vere eit minisjukehus utan finansiering og utan den naudsynte kompetanse. Vi i kommunane kan ikkje gi god nok hjelp til dei som er råka av slag, får ein nevrologisk sjukdom eller har vore utsette for ei ulukke. Vi har ikkje spesialkompetanse i psykiatri og kan ikkje gi den hjelpa som er naudsynt.

Framskriving av behovet i primærhelsetenesta peikar bratt oppover, medan tilgangen på arbeidskraft peikar bratt nedover. Fastlegeordninga har allereie kollapsa på grunn av høgt arbeidspress og alt for mange oppgåver. No skal primærhelsetenesta få endå meir ansvar og arbeid utan meir pengar eller betre tilgang på arbeidskraft.

Enten har helseføretaket brukt pengane feil eller så får dei for lite frå staten. Er det siste rett, ja då må vi stå saman – vi og helseføretaket – og presse på for at staten løyver det som skal til.

Utfordringane må løysast utan å rasere tenestene til innbyggarane og utan å lesse problem og utfordringar over på allereie hardt pressa kommunar.

Helseføretaket held ikkje sin del av avtalen om forsvarlege tenester dersom framlegga vert iverksette og Regjeringa fører ein politikk som klinkande klart er i strid med Hurdalsplattforma.

Vi kan ikkje akseptere dette! Vi må stå saman og ikkje falle for splitt og hersk-strategien. Vi forventar at stortingsrepresentantane våre tek tak og om naudsynt ser på heile føretaksmodellen.

Bernt Brandal, Ordførar Hareid