Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune

Saka om skulestruktur har fått mykje merksemd og mobilisert mange av innbyggarane i Ulstein. Det er flott å sjå at engasjementet for eigen skule og eiga bygd er så stort. Det er forståeleg då dette handlar om kvardagen til dei som vert råka av ei eventuell skulenedlegging. Det er likevel viktig å peike på at denne saka handlar om mykje meir enn skulane i Haddal og på Ulstein. Det handlar om korleis framtida til alle elevane i kommunen vil sjå ut i framtida med stadig strammare budsjett. Det handlar også om korleis vi skal klare å møte det dramatisk aukande behovet innan pleie og omsorg. Også dei andre sektorane vil verte råka dersom pengane vi har til rådevelde ikkje vert nytta optimalt. Dette kan mellom anna føre til dyrare og dårlegare tenester både for unge og eldre, enten det er SFO, kulturskule eller heimetenester og husleige. Vedlikehald av vegar og bygningar vil verte dårlegare og vi må mest truleg auke eigedomsskatten, kanskje til over det doble.

Alle parti i Ulstein gjekk til val på å skulle halde på dagens skulestruktur, og dette er eit løfte vi ikkje skal ta lett på. Men vi kan heller ikkje late att auga for det store utfordringsbildet som er at dagens fordeling av ressursar ikkje heng saman med utviklinga i alderssamansettinga. Trass rimeleg stabile fødselstal, går barnetala i Ulstein betydeleg ned. Dette skuldast i hovudsak lite tilflytting og færre unge vaksne. Dersom vi legg til grunn dagens barnetal og framskriv dei, vil vi sjå at vi vil ha 250 færre barn i grunnskulealder i 2027 samanlikna med det vi hadde i 2015. Dette er dramatisk og må få konsekvensar, og det hastar å gjere noko.

Dei berekna utgiftsbehova for dei neste åra fram til 2024 viser at pleie og omsorg treng å få tilført nesten 16 millionar, medan skulesektoren bør spare inn om lag 9,4 millionar i same periode. Klarer vi å omfordele vil kostnadsauken for desse to sektorane verte avgrensa til ca. 6,6 millionar, noko som vi bør klare å handtere. Ser vi fram til 2031 vil pleie og omsorg ha behov for ytterlegare 50 millionar i auka ramme, i motsetnad til skulen som bør klare seg med 10 millionar mindre.

Eg er oppteken av at vi skal levere gode tenester til alle i Ulstein, men eg er sterkt uroa for at vi i framtida ikkje vil klare å ta vare på dei som treng det mest viss vi ikkje tek dei nødvendige grepa. Difor bør alle som på ein eller annan måte treng tenester frå kommunen (og det er stort sett alle) engasjere seg i denne saka, for uansett utfall vil det merkast i kvardagen – for alle. Fristen for å kome med innspel er den 24 mars og kan sendast til postmottak@ulstein.kommune.no