Vivian Roppen, Ulstein SV

Ordføraren pressar og pressar på for å få lagt ned to av dei fire barneskulane i kommunen. Ein skulle tru at det var ein lovnad han har gitt veljarane som skal fullbyrdast, men utruleg nok så var lovnaden at skulestrukturen skulle vere uendra i perioden.

Kvifor kjempar ikkje ordføraren for dette?

Gjentakande framlegg om nedlegging av skulane i Haddal og på Skeide viser ein manglande respekt for fleirtalet i kommunestyret, som kvart halvår må gjennomføre uendeleg med møter, folkemøte, utvalsmøte, formannskap og kommunestyremøte for å få stemme i mot nedlegging av dei to grendaskulane.

Når fleirtalet, med unntak av ordføraren sitt parti, stemmer imot nedlegging gong etter gong må dette snart respekterast.

Administrasjonen og ordføraren må flytte fokus mot innsparingar innan andre område, eller setje i verk tiltak for å skaffe meir inntekter.

Ordføraren skriv i sitt innlegg i Vikebladet den 13.03. at nedlegging av skulane angår alle.

Det er heilt rett.

Det er ikkje berre borna frå Flø, Ulstein og Skeide og Haddal og Eiksund dette gjeld. Det er desse krinsane som står i fare for å miste skulen sin.

Men nedlegging vil bety mykje for Hasund og Dimna og ikkje minst sentrum også. Desse skulane vil bli overfylte viss dei to krinsskulane verte nedlagde. 60 elevar frå Haddal og 80 frå Skeide. Klassestorleik, lærartettheit og læringsmiljø vil bli negativt påverka av større klasser. Det er her «innsparingane» vil vise igjen.

Etter utgreiingar om kva barnetal vi har i vente om 5-10 år konkluderer ordføraren med at vi må gjere endringane no, mellom anna for å dekke aukande behov innan eldre- og helseområda.

Kommunen må faktisk levere tenestene som det til ei kvar tid er behov for. Viss det om 5-10 år viser seg at spådomane om barnetalnedgang slår til, kan det fremjast ny sak om skulenedlegging, om det då viser seg at ulsteinskulen har overkapasitet.

Per no er dei små skulane ikkje for små til å gi god undervisning og eit godt lære- og oppvekstmiljø og dei to store skulane kan eigentleg ikkje ta imot så mange fleire elevar enn  dei allereie har.

Fødselstal i kommunen er stabile, mellom 80 og 110 born vert fødde kvart år. Erfaring tilseier at spådomar om framtidig elevtal i skulen ikkje slår til. Det ser ein på skulane som er bygde for små, dette gjeld både Ulsteinvik barneskule, Ulstein ungdomsskule og Hasund skule.

Å ta avgjerder no for noko som kanskje kjem er uklokt, det gir dårlegare læreforhold for alle elevane i kommunen og til slutt kan det vise seg å heller ikkje gi dei økonomiske fordelane som kommunedirektøren skisserer. Desse fordelane er anslag over moglege innsparingar viss prognosane om barnetalsutvikling slår til.

Dei siste åra har lært oss at ting kan snu fort og ingen veit kva morgondagen bringer.

Lat elevane i krinsane få gå på nærskulen sin og vekse opp i kjende omgjevnader. Og la elevane i sentrum og på Hasund få ha klasser som ikkje kvart årssteg maksimerer klassestorleiken for å minimere utgiftene til skule i kommunebudsjettet.

Å satse på borna er å satse på framtida. Kommunen ønsker å vere framtidsretta i alle sine visjonar og verdiar og dette må vise igjen også i praksis.