Ordførarane på søre Sunnmøre registrerer at Helse Møre og Romsdal melder om eit overskot på 138,5 mill for 2022, eit positivt avvik på 128.7 mill. Både rekneskap for 2022 og regjeringa sine signal om å styrke sjukehusbudsjettet for m.a. å kompensere for lønns og prisvekst, viser at det absolutt er rom for å stoppe hastevedtaket om nedlegging av Mork senter for spesialisert rehabilitering.

Vi er kjent med at det i desse dagar pågår samtalar med dei tilsette på Mork om sluttpakkar og oppseiing. Her bør helseforetaket ta ein fot i bakken og sjå til måla i Helse Midt sitt strategidokument. Vi peikar spesielt på måla om å vere ein god lagspelar og målet om å rekruttere, utvikle og behalde kompetent personell som er helseforetakets viktigaste ressurs.

Kommunane har tidlegare peika på at avgjerda om å legge ned Mork er eit brot med samhandlingsavtalen. Det er også eit brot med måla i Strategi 2030 om å vere ein god lagspelar der utvikling og endring skal skje i samarbeid med m.a. kommunane.

I kontrast til dette er altså helseforetaket i ferd med å seie opp helsepersonell med spesialistkompetanse på Mork. Vi har stilt spørsmål ved kvar ny kompetanse til oppbygging av rehabiliteringstilbodet på Ålesund sjukehus skal hentast frå. Vi stiller oss også svært tvilande til at dette er på plass før Mork er ribba for fagfolk og tilbodet er borte. Når tilbodet i spesialisert rehabilitering vert borte, er det ei skjult oppgåveforskyving frå spesialisthelsetenesta til kommunane.

Kommunane er det siste sikkerheitsnettet og har ingen andre å lempe kostandane og oppgåvene over på. Vi får auka utbetalingar frå NAV når pasienten ikkje kjem attende til arbeidslivet i like stor grad og vi får pasientar med støtte- og tenestebehov som kostar meir. Men den største kostnaden kjem pasientar og pårørande til å måtte bere.

Vi ber Helse Møre og Romsdal gjere eit raskt og ansvarleg val, og stoppe den pågåande nedlegginga av Mork-senteret, og spele på lag med kommunane om nødvendig omstilling.

Med helsing

Sølvi Dimmen, ordførar i Volda

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein

Stein Aam, ordførar i Ørsta

Bernt Brandal, ordførar i Hareid

Olav Myklebust, ordførar i Sande

Bjørn-Halvor Prytz, ordførar i Herøy