Set opp ny buss frå Ulsteinvik til Oslo

Nettbuss utvidar til to daglege avgangar til hovudstaden.

Dobbeldekkar Nettbuss vil setje inn to nye dobbeldekkarar på ruta mellom Ulsteinvik og Oslo, der delar av bussen vil ha ekstra god plass og høgare komfort.  Foto: Illustrasjonsfoto / Nettbuss

Næringsliv

Rett over nyttår startar busselskapet Nettbuss opp ekspressbussrute på dagtid frå Ulsteinvik til Oslo. Selskapet har i dag, eller rettare sagt i natt, allereie ein avgang som tek folk på ytre Søre Sunnmøre til Austlandet.

Samstundes reduserer Nettbuss bussavgangane mellom Måløy - Stryn - Oslo frå tre til to avgangar.

- Befolkningsgrunnlaget på Sunnmøre er større enn i Nordfjord, så vi meiner dette vil gi ei betre utnytting av busskapasiteten, vår, seier Svein-Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss, til Vikebladet.no

Morgonbussen frå Oslo startar vil starte klokka halv ti og er framme i Ulsteinvik 19.45. Frå Ulsteinvik køyrer bussen på dagtid 10.15 og er framme i Oslo 20.45.

Kveldsavgangen frå Ulsteinvik til Oslo vert kl. 21.15 som tidlegare.

Frå Oslo vert avgangen klokka 22.00 og bussen er framme i Ulsteinvik klokka fem på åtte om morgonen.

- Vi har bestilt to dobbeltdekkarar som skal køyre ruta mellom Ulsteinvik og Olso. Dette er bussar som har ekstra høg komfort i delar av køyretyet, med berre tre seter i breidda og ekstra god plass, seier Vik.

Desse seta vil nok koste litt ekstra. Når det gjeld billettbestilling elles, oppmodar Svein-Arne Vik dei reisande til å tinge billettar på nettet.

- På denne måten er ein sikra plass i periodar der det normalt er mykje trafikk, som til dømes ved jul og påske. Billettar som vert bestilte på nettet er dessutane litt rimelegare. Dersom ein ikkje har høve til å bestillie bilettar på nett, kan ein ordne dette hos reisebyrået Via Egencia i Ulsteinvik. Det er sjølvsagt også mogleg å kjøpe billettar når ein går om bord i bussen også, forklarer Vik.