70 får kome tilbake i jobb

Farstad Shipping tek nye grep, og innfører som det tredje offshorereiarlaget i Norge 1:2-rotasjon.

Ein Farstad-båt ligg her og passar på utanfor ein plattform i Nordsjøen. No gjer reiarlaget, som også har mange tilsette frå Hareidlandet, nye grep for å få dei rundt 70 permitterte sjøfolka tilbake i jobb.  Foto: Farstad.

Næringsliv

- Det er eit betydeleg behov for å spare kostnadar i Farstad. Samstundes vil vi ikkje skyte oss sjølve i foten ved å miste kompetansen som er bygd opp over lang tid, seier administrerande direktør i Farstad og hareidsdøling, Karl Johan Bakken, til Maritime.no.

I byrjinga av oktober blei det frå leiinga i reiarlaget sendt ut permitteringsvarsel til samlege tilsette. No blir det altså gjort nye grep for å unngå at dei 70 som har vore permitterte mistar jobbane sine. Med 1:2-rotasjon sikrar Farstad seg både lågare kostnadar, og mannskap som framleis har jobb.

– Vi utfordra mannskapet vårt til å gå inn på ei slik ordning frivilleg, og det fekk vi betydeleg støtte for, seier administrerande direktør Bakken til same nettstad.

Per stilling

1:2-rotasjon vil seie at tre tilsette delar på same stilling, i staden for at to gjer det. Slik kan dei 70 som no er ute kome tilbake i jobb.

– Det er eit kjempegodt bidrag frå mannskapet sjølv til å oppretthalde kompetanse og aktivitet i reiarlaget. Vi jobbar med å få ordninga implementert mot årsskiftet, seier Bakken.

Reiarlaga Siem og Eidesvik har frå før av innført 1:2-turnus på delar av si tonnasje, men i motsetnad til i Eidesvik, der 1:2 skal innførast på heile skip, vil Farstad innføre ordninga per stilling.

Dei som no går over til 1:2-rotasjon, får ein proporsjonal reduksjon i lønna på rundt 30 prosent.