Auka oljepris, auka krone

Det meiner Bjørn-Roger Wilhelmsen, sjeføkonom i Nordkinn Asset Management.

Går oljeprisen opp, styrkast også den norske krona.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Sjeføkonom Bjørn-Roger Wilhelmsen i Nordkinn Asset Management meiner den norske valutaen vil styrke seg i månadane som kjem, i takt med auken i oljeprisen. For når oljeprisen aukar, følgjer den norske krona etter, meiner han. Det skriv NTB.

Sjeføkonomen trur det skal svært mykje til for at Norges Bank kuttar renta i juni, og dermed kan krona halde fram med å klatre, om oljeprisen held fram med å gå oppover.

- Sjølv med berre ei stabilisering av oljeprisen, så trur eg det blir vanskeleg å unngå. Det einaste Norges Bank kan gjere er å forseinke ein positiv trend for norske kroner, seier Wilhelmsen til NTB.

Om kronekursen styrkast, ser Wilhelmsen føre seg eit rentekutt først i september, og ei justering av rentebana som opnar for ei nullrente i desember.