Det er Constructer AS (CAS) og Ulstein Betong Utbygging AS (UBU) som no har formalisert samarbeidet mellom selskapa i eit nytt, felles selskap. Selskapet med det høvelege namnet Ulstein Betong Constructer AS, blir delt opp i ein halvdel til kvar av selskapa som går inn i samarbeidet.

Det nye selskapet har som mål å bli ein konkurransedyktig aktør i leilegheitsmarknaden, og planlegging, utvikling og bygging på sentrumsnære tomter, der større einingar kan vere høvelege, blir kjerneaktiviteten i satsinga.

- Samarbeidsselskapet er ein naturleg konsekvens av tidlegare samarbeid. Så ser vi at trenden i lang tid har vore aukande grad av urbanisering også i kommunane på Ytre Søre. Dette trur vi vil halde fram. Leilegheitskompleks med minst 10 bueiningar av varierande storleik og prisnivå, med god standard, integrert parkeringsareal og moderate mengder ferdig opparbeidd fellesareal vil kjennteikne prosjekta selskapet vil fokusere på, seier Harald Sætre og Vidar Moldskred i Ulstein Betong Utbygging AS, og Nils-Erik Skeide og Glenn Thoresen i Constructer AS.

Fleire prosjekt i emning

Det nye selskapet ligg absolutt ikkje på latsida, for allereie har Ulstein Betong Constructer AS fleire spanande prosjekt på gong.

På Hareid er selskapet i gong med sal av 12 einingar i eit kopleks i Sentrumshagen. Her er det også moglegheiter for ei fase to, med utbygging av inntil 24 nye bueiningar, skulle interessa bli stor, og salet godt nok.

I Prost Ankers gate i Ulsteinvik er eit leilegheitskompleks under regulering, og vil vere byggeklar tidlegast 1-1,5 år fram i tid. I dette komplekset planlegg selskapet 10 bustadeiningar i eit treetasjes bygg.

Gjerdegata er populær

Prosjektet som selskapet først får realisert er eit leilegheitskompleks i Gjerdegata i Ulsteinvik.

Etter berre tre veker på marknaden har selskapet klare signering av kjøpekontrakter.

– Det er pågang som om det skulle vore i ein større by, seier karane i det nye selskapet.

Slik ser det nye selskapet føre seg eit leilegheitskompleks i Gjerdegata i Ulsteinvik. Foto: Ulstein Betong Constructer AS.