Pizzakjede etablerer seg i Ulsteinvik

Opnar i september

Pizzabakar Arnt Nerlid vert dagleg leiar ved Pizzabakeren som opnar i Ulsteinvik i september. 

Næringsliv

Pizzakjeda Pizzabakeren vil etablere seg i Ulsteinvik i siste halvdel av september, nærare bestemt i lokala der daglegvareforretninga Bunnpris helt til tidlegare, i Sjøgata 45.

- Pizzabakeren er den raskast veksande pizzakjeda i landet. Kjeda har 140 utsalsstader her i landet per i dag, og meir skal det bli, fortel franschisetakar Arnt Nerlid som også vert dagleg leiar ved Pizzabakeren i Ulsteinvik. Det vert i alt fem årsverk knytt til avdelinga i Ulsteinvik, fordelt på rundt 10 tilsette.

- Verksemda er basert på take-away, anten henter du pizzaen sjølv eller så kjem vi og leverer den på døra, lovar Nerlid.

Pizzabakeren er ei kjede som er heimehøyrande i Sandnes i Rogaland. Dei har frå før av fleire avdelingar i Møre og Romsdal, tre i Ålesund, i tillegg til Molde, Sykkylven, Tennfjord og Kristiansund. Pizzabakeren har også etablert tre filialar i Sverige og ein i Kina. Den siste opna no 10. august.