Siem tek over kontrollen i Farstad

Forretningsmann Kristian Siem tek kontrollen i Farstad, mot at selskapet hans spyttar inn 1 milliard kroner i frisk aksjekapital.

Forretningsmann og oljeinvestor Kristian Siem tek over kontrollen i Farstad.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Siem har no aksjemajoriteten i Ålesund-baserte Farstad Shipping. Det kom fram på ein pressekonferanse i Ålesund torsdag ettermiddag.

– Siem ønskjer å investere i Farstad og vere med på ei solid refinansiering av selskapet, fortel konsernsjef og hareidsdøling Karl Johan Bakken i Farstad Shipping til NRK Møre og Romsdal torsdag.

Majoritetseigar

Avtalen er at forretningsmannen og hans selskap Siem Industries-gruppen spyttar inn 1 milliard kroner i frisk aksjekapital, mot at Siem får 50,1 prosent av aksjane i selskapet. Hovudkontoret til reiarlaget vil framleis vere i Ålesund. Selskapet slit framleis med ei gjeld på enorme 11 milliardar kroner, men med denne nye avtalen på plass er det håp om å få på plass ei framtidsretta løysing til det beste for alle partar.

– Det er ein grunn til å tru at ein ikkje går til slike type investeringar om ein ikkje har trua på selskapet si framtid i denne marknaden, seier Bakken til NRK.

Med tida er planen også å slå saman Farstad Shipping og Siem Offshore.