Kleven søkjer fleire nye folk

Ordresituasjonen ved Kleven Verft og Myklebust Verft er som kjent god dei neste to åra, og konsernet søkjer no etter endå fleire nye tilsette.

Kleven søkjer fleire nye tilsette for tida, mellom anna ein finanssjef (biletet), ei nyoppretta stilling.  Foto: Illustrasjon.

Næringsliv

Det er ikkje kvar dag nye stillingar dukkar opp innanfor den maritime klynga no for tida, men Kleven er ein av dei arbeidsgivarane som søkjer opptil fleire nye tilsette no. Den siste stillinga som har blitt lyst ut er ei nyoppretta stilling, finanssjef.

Konsernet søkjer elles etter ein avdelingsleiar til maskinavdelinga, bedriftselektrikar, HMS-koordinator, senioringeniør 3D-piping og senioringeniør med skrogstruktur som fagfelt.