Heim frå Canada for å drive målarforretning

Hareidsdølingen Ingelill Brekke flyttar heim etter 12 år i Canada, og blir ny butikksjef for Nordsjø Idé & Design i Ulsteinvik og i Fosnavåg.

Ny butikksjef ved Nordsjø Idé & Design i Ulsteinvik og i Fosnavåg, Ingelill Brekke. Ho flytta heim etter å ha budd i Canada dei siste 12 åra, då ho såg eit avisoppslag i Vikebladet Vestposten som fortalde om at Hatløys Målarforretning hadde fått nye eigarar.  Foto: Nordsjø Idé & Design.

Næringsliv

Ingelill Brekke er opphavleg frå Hareid, men har vore busett i Canada dei siste 12 åra. Der jobba ho seg oppover innan målingsfaget, og skaffa seg ei unik erfaring innan måling og farge.

- No er ho tilbake i moderlandet, og er i sitt rette element som butikksjef for Nordsjø Idé & Design i Ulsteinvik og i Fosnavåg, seier dagleg leiar Agathe Teige Eiksund i ei pressemelding.

Ville heim til familie og venar

Det var i fjor jul at Ingelill tok avgjersla om å flytte heim til Hareid og Sunnmøre. Hovudsakleg fordi ho ønskte å kome nærmare familie og venar. Tidleg i januar sende ei venninne henne ein "snap" frå avisoppslaget der Hatløys Målarforretning hadde fått nye eigarar, og då var ballen i gang.

Ingelill sendte ein open jobbsøknad, og dette var sjølvsagt ein ekspertise som nye Nordsjø Idé & Design ikkje kunne oversjå. Dagleg leiar Agathe Teige Eiksund seier ho ikkje er i tvil om at Ingelill høyrer heime bak blandemaskina.

- Ingelill er ein magikar med fargar. Ho kan blande og lage alle fargar ved at ho justerer dei manuelt - meir eller mindre grått, meir gulaktig, mørkare, varmare, alt etter kva kunden ønskjer, seier Teige Eiksund

- Godt å vere tilbake

I Canada jobba ho først for ei stor byggevarekjede, Home Depot. I målingsavdelinga erfarte kundane raskt at Ingelill hadde godt fargeauge, og var flink til å både lage og justere alle fargar etter ønske. Mange kom til og med langt og eins ærend for å få hjelp med justering av fargar til sine oppussingsprosjekt.

- «Master tweeker» blei ho kalla. Tre år seinare blei Ingelill hanka inn av Dulux Paints, ein stor malingskjede. Der steig ho raskt i gradene til å få ansvaret som butikksjef, og jobba både med privatkundar og proffmarknaden, fortel Agathe Teige Eiksund.

- Det er godt å vere tilbake i Norge, og veldig kjekt å kunne fortsette å jobbe med kvalitetsprodukt, fargar og interiør, seier butikksjef Ingelill Brekke til slutt.