Storm Elektro Søre AS på Hareid:

Ny elektro-satsing på Søre Sunnmøre

1. april blir første driftsdag for Storm Elektro Søre AS, eit nyoppretta lokalt elektrofirma med fokus på Søre Sunnmøre.

Storm Elektro Søre AS Dette blir trioen som utgjer Storm Elektro Søre AS frå starten. Frå v.: dagleg leiar Tonny Holtet, autorisert elektroinstallatør Per Gunnar Knotten og styreleiar John Henry Holtet (nærast).   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– Vi har ein del faste kundar og servicejobbar her, og vi har lyst til å kome nærmare dei, og ikkje minst vere meir direkte til stades i regionen elles. Vi har ein del jobbar på to- og firemannsbustader i området, og føler vi er i endå betre posisjon til å kjempe om fleire kundar med denne nysatsinga, seier John Henry Holtet, dagleg leiar i Storm Elektro Vest AS, til Vikebladet Vestposten.

Storm Elektro Søre AS har blitt skipa som eit dotterselskap av Storm Elektro Vest AS.

Starta opp i ein bølgjedal

Storm Elektro Vest AS, som i dag tel 15 tilsette, har vore i sving i Ålesund sidan det blei skipa 2002. Sjølv om bort i mot heile Sunnmøre merkar den tøffe situasjonen for den maritime bransjen for tida, meiner ingeniør- og elektroentreprenørfirmaet at det er eit ypparleg tidspunkt for deira verksemd å etablere eit eige selskap, med kontor og lager på Hareid.

– Vi starta opp i Ålesund då regionen var nede i ein bølgjedal, men det viste seg å vere eit godt val. Etter 15 spanande år meiner vi no det er på tide med eit eige selskap på Søre. Vi føler det er ein positiv trend framover, vi får ein del førespurnader, og trur dette vil bli veldig bra, seier Holtet.

Tonny Holtet er bror til John Henry, og begge er frå Hareid. Han fortel at eit selskap med fokus på Søre Sunnmøre gjer det lettare å sørve kundane.

– Fordelane er at vi då kjem mykje nærare, og at transportvegane og logistikken blir meir handterleg, seier Tonny Holtet.

– Vi veit kva vi går til, og veit kva det vil seie å byggje opp eit nytt selskap. Dessutan har vi mykje god kompetanse og erfaring i selskapet, som blir viktig når vi skal satse endå hardare i ein region med stort potensial, seier John Henry Holtet.

Som også nemner at selskapet har god erfaring med smarthus-løysingar, som er veldig aktuelle for tida.

Lokale tilsette

Det nye selskapet får lokale i «Øyehol-bygget» i sentrum av Hareid. På same vis som morselskapet vil Storm Elektro Søre AS ha fokus på prosjektering og installering av alle typar elektroinstallasjonar i både bustad- og næringsbygg.

Tonny Holtet blir dagleg leiar, medan John Henry Holtet blir styreleiar i det nye selskapet. Per Gunnar Knotten blir autorisert elektroinstallatør. I tillegg skal det tilsetjast fleire elektromontørar no i etableringsfasen.

– Vi blir tre karar her ute no med det første, så får vi sjå korleis det artar seg vidare. Vi kjem også til å gje dei tilsette tilbod om eigarinteresser i selskapet. Dette er viktig fordi vi ønskjer at dei tilsette i selskapet skal få vere med på å forme og utvikle selskapet vidare, seier John Henry Holtet avslutningsvis.