Skal samarbeide om intelligent skipssystem

Rolls-Royce skal samarbeide med det svenske ferjereiarlaget Stena Line AB.

Illustrasjon av korleis nye løysingar for «situational awareness» vil bidra til betre kontroll for skip.  Foto: Rolls-Royce.

Næringsliv

Rolls-Royce har signert ein samarbeidsavtale med det svenske fergereiarlaget Stena Line AB. Saman skal selskapa utvikle “intelligent awareness”-system for skip. Digitale system for situasjonsforståing vil gjere fartøy tryggare og enklare å kontrollere, og gi mannskapet betre oversikt over omgjevnadane.

– Rolls-Royce har jobba med å teste og utvikle korleis informasjon frå sensorar på skip kombinert med andre datakjelder kan utnyttast på ein god måte for å få best mogleg oversikt over eit skip sine omgjevnader. Pilotprosjekt, som dette vi no skal i gang med saman med Stena Line, vil ta utviklinga vidare, seier Asbjørn Skaro, direktør for Digital & Systems i Rolls-Royce Marine.